Heim Nyhende - Treng ikkje vere eit problem

– Treng ikkje vere eit problem

Landet er styrt av to parti som gjekk til val på å gjere sidemålsundervisninga frivillig. Det treng ikkje vere eit problem, seier Sveinung Rotevatn til Norsk Tidend.

 

Midt i forhandlingane om ei felles regjering mellom Venstre, KrF, Frp og Høgre sa Per Sandberg, nestleiar i Frp, at ”nynorsk vil ikkje vere den saka som vil felle ei regjering”. No hamna ikkje Venstre i regjering,  men vart i staden eit støtteparti i Stortinget. Venstre har programfesta ein solid målpolitikk, og både leiar Trine Skei Grande og nestleiar Ola Elvestuen har forsikra urolege målfolk om at nynorsk er like viktig no som det var før valet, skriv Norsk Tidend.

Nynorsken er også viktig for Sveinung Rotevatn, nyslått stortingsrepresentant for Venstre og Sogn og Fjordane. Og styremedlem i Noregs Mållag.

Les også: Ideologisk musikant

– Eg kjem med den bagasjen eg har, seier Rotevatn.

– Eg har bakgrunnen min frå heimfylket mitt Sogn og Fjordane, og frå dei organisasjonane eg har valt å engasjere meg i. Eg snakka også mykje målsaka i valkampen, så eg trur ikkje veljarane skal vere overraska over kva eg kjem til å vere oppteken av. Venstre har eit godt program, og eg trur dette gjev meg ei god plattform.

– Blir du målrørsla sin mann på tinget?

– Eg representerer fyrst og fremst fylket mitt, men eg er definitivt tilsnakkande. 

Førre artikkelSatsar digitalt
Neste artikkelKommentar: Språkmonsen

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...