Heim Nyhende Trondheim best for barn og unge

Trondheim best for barn og unge

Trondheim kommune vart i dag kåra til Årets barne- og ungdomskommune 2010.

– Barn har rett til å bli høyrt og sett. Årets barne- og ungdomskommune skal ta barn og unge på alvor og vere ein kommune som lykkast i å skape eit inkluderande oppvekstmiljø kor barn og unge får delta og utvikle seg. Trondheim kommune har vist at tenestene blir betre av å lytte til ungane. Det gler meg derfor å kunne gratulere og overrekke prisen til Trondheim kommune, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken i ei pressemelding i dag.

Det bur 37000 barn og unge under 18 år og 148 ulike nasjonalitetar i Trondheim kommune. Kommunen får ros for å jobbe i tett kontakt med folket og å tilby informasjon på fleire språk. Kommunen har jobba for å få meir kultur- og fritidsaktiviteter lokalt, slik at fleire barn kan delta, heiter det i grunngjevinga.

Kommunalråd Aase Sætran tok imot prisen i dag på vegner av Trondheims ordførar Rita Ottervik. Målet med prisen er å løfte kommunar som jobbar særleg godt med å betre oppvekstmiljøet for barn og unge.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...