Ottar Grepstad meiner Ivar Aasen-instituttet kan reddast dersom det blir organisert på ein ny måte.
Det kom nyleg fram at Ivar Aasen-instituttet i Volda sto i fare for å bli lagt ned på grunn av for lite fagmiljø og for få studentar.
No skriv NRK Møre og Romsdal at direktør ved Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad, meiner at instituttet truleg kan reddast dersom ein klarer å organisere det på ein ny måte. Han trur dermed ikkje at masteren i nynorsk skriftkultur blir lagt ned.