Heim Nyhende Trur på valfritt sidemål

Trur på valfritt sidemål

 

Siv Jensen meiner kampen for valfritt sidemål er den viktigaste språksaka framover.

 

– Kva blir den viktigaste språksaka fram mot Stortingsvalet 2013?

– Kampen for valfritt sidemål. Eg er også oppteken av språkkunnskapar for å sikre god kommunikasjon mellom tilsette og brukarar i helsetenestene. I ei fersk kartlegging frå NRK og Fagforbundet svarer 46,5 prosent at dei har opplevd kritikkverdige episodar som følgje av at dei tilsette snakkar for dårleg norsk.

– Kva blir den viktigaste nynorsksaka ?

– Å få lik moms på e-bøker og trykte bøker meiner eg er svært viktig for å styrke litteraturen, anten han er på bokmål eller nynorsk.

– De vil privatisere NRK og dermed fjerne nynorskkravet, kvifor?

– Me er mot lisensfinansiering av NRK. NRK, som alle andre medium, må sjølv få velje kva målform dei vil publisere sakene sine på.

– De vil innføre valfritt sidemål, kvifor?

– Nynorsk og bokmål er så likt at dersom du beherskar nynorsk, forstår du bokmål, og omvendt. Me meiner difor det er viktigare for skulen å prioritere at elevane får best mogleg kompetanse i éi målform, framfor å tvinge dei til å lære to.

– Kva tenkjer du om mållova?

– Eg meiner det er langt meir effektivt om sakshandsamaren kan svare på skriftlege spørsmål på den målforma vedkomande sjølv ynskjer. Mållova bidreg til høgare administrasjonsutgifter og langt meir papirarbeid i offentleg sektor.

– Kva trur du blir den viktigaste utfordringa for nynorskkommunane framover?

– Eg meiner kommunen si viktigaste oppgåve, uansett om dei er nynorskkommunar eller bokmålskommunar, er å gje innbyggarane gode tenester. Å levere høg kvalitet innan eldreomsorg, barnehage og skule er kommunen si fremste oppgåve.

– Korleis påverkar språksakene eit eventuelt regjeringssamarbeid etter valet?

– Som alle andre politiske spørsmål er desse også noko som skal diskuterast før eit eventuelt regjeringssamarbeid. Eg er glad for at Høgre har fylgt etter FrP i spørsmålet om obligatorisk sidemål.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...