Heim Nyhende Undervisning på Facebook

Undervisning på Facebook

Ved St. Hallvard videregående skole i Lier går dei nye vegar i nynorskundervisninga.

Det var lærar Liv Marie Schou som fann ut av Facebook kunne brukast i undervisninga for å løfte opp nynorskundervisninga.

– Elevane må skrive for å lære nynorsk. Kor skriv dei? Jau, dei skriv på Facebook. DER hadde eg planen klar. Eg vart lykkeleg og glad og mest dansa inn i klasserommet. Å be elevane slå på PC-ane er ikkje nødvendig, dei er allereie i status «on» og har blikket stivt inn i skjermane når eg kjem inn og stiller meg bak kateteret, skriv ho på bloggen sin.

– Raskt er alle i Facebook-modus, eg ber dei oppdatere profilane sin på nynorsk. Dette vekte interesse og dempa jubel. Eg ville overdrive ved å seie at det vart stormande applaus, men ei større interesse enn eg er van med å få heilt i byrjinga av nynorsktimane mine, det var det. Dei fleste var opptatte av å formulere seg godt og skrive riktig grammatikalsk. Med eitt var mange hender oppe og ville ha hjelp; «er dette riktig, kan eg skrive det på nynorsk?» Eg gjekk frå elev til elev og hjalp til med å finne det rette ordet, den gode setningen, det rette uttrykket, held ho fram. 

Les bloggen til Liv Marie Schou her.  

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...