Heim Nyhende Krev betre nynorsk i digitale læremiddel

Krev betre nynorsk i digitale læremiddel

Digitale læremiddel for vidaregåande skule held ikkje mål språkleg. No må noko gjerast, krev nynorskorganisasjonane.

– Elevar og lærarar i den vidaregåande skulen har gjort oss merksame på at nynorsktekstane på Nasjonal Digital Læringsarena er fulle av feil, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Dette har vi teke opp med NDLA ved fleire høve, men mange tekstar ber enno preg av at organisasjonen har for dårlege rutinar for språkvask.

Mållaget har mellom anna gått gjennom tekstar til kropssøvingsfaget kor dei har funne ord som «armbøygare» og «armstrekkare», ord ein ikkje finn i den nynorske ordboka. Mållaget meiner både NDLA og Utdanningsdirektoratet til no har vegra seg for å ta ansvar for at dei digitale tekstane blir presenterte på eit godt og korrekt nynorsk.

– Vi er skuffa over det vi opplever som ei ansvarsfråskriving frå desse partane, seier Øvregård.

Etter ein lengre periode kor saka har vore diskutert i media, ser det no ut til at ein nærmar seg ei løysing. Dagleg leiar Øyvind Høines i NDLA seier til LNK.no at organisasjonen no har sett i gang arbeidet med å kvalitetssikre alle tekstane på nettstaden.

– Først og fremst har vi skaffa oss ein oversikt over omfanget av feil og manglar, seier Høines. – Der finn vi at somme sider har grove feil og ein del sider har mange småfeil.

Høines forklarar at dei no er i sluttforhandling med tilbydarar av språkvask, og at dei omgåande skal ha gode rutinar for alle tekstar som blir produserte i framtida. Vidare seier Høines at dei vurderer å bruke ytterlegare 2 millionar til korrigering av allereie eksisterande tekstar. Også strukturelle feil skal korrigerast.

– Samstundes må vi få peike på at vi ikkje rår over alle tekstane som ligg ute no. Læreføremåla er utforma av Utdanningsdirektoratet, og dei har vi ikkje rett til å omsetje eller endre på.

– Kor snart vil elevane merke skilnad på tekstane?

– Dei første endringane bør elevane merke allereie no, lovar Øyvind Høines.

Noregs Mållag er gjort merksame på NDLA sine løfte om forbetring, og Håvard B. Øvregård har følgjande kommentar:

– Vi har i dag manglande tillit til NDLA si evne til å sikre godt språk i sine læremiddel. Vi må sjå resultat før dette vert endra.

Saka skal no diskuterast i Nynorsk forum i morgon, torsdag. Nynorsk forum er ein interesseorganisasjon for nynorskorganisasjonane, kor også LNK er medlem. Dagleg leiar Vidar Høviskeland i LNK peikar på at det ikkje er første gangen det er komne inn klager på språket i NDLA, og at Nynorsk Forum behandla denne saka også i fjor.

– Men det er ikkje berre dei digitale læremidla som har dårleg språk, seier Høviskeland. – Me får og inn mange klager på språket i vanlege skulebøker. Dette er eit gjennomgåande problem som berre har auka på sidan staten fjerna godkjenningsordninga for læremiddel. Departementet ønskjer ikkje å innføre denne ordninga att, men då bør skuleeigarane – kommunar og fylkeskommunar – gå saman om ei slik ordning. I dag er det elevane som lir av di nokon skal spare pengar. I denne saka får me fokusere på det positive: Det er trass alt mykje enklare å rydde opp i språket i digitale læremiddel enn i tradisjonelle skulebøker – berre det finst vilje til det.


FAKTA: NDLA
Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA) vart oppretta i 2007, og er eit interfylkeskommunalt samarbeid eigd av alle fylkeskommunane så nær som Oslo. Det har som føremål å kjøpe inn eller utvikle digitale læremiddel for den vidaregåande skulen. Alle fylkeskommunar er i dag pålagte å ha gratis læremiddel til sine vidaregåande elevar, og skuleeigarane har val mellom å kjøpe inn papirbøker eller be elevane bruke NDLA sine tekstar som er gratis for både elevar og fylkeskommunane. Ifølgje Aftenposten har somme av fylkeskommunane pålagt sine skular å bruke dei digitale tekstane i staden for papirbøker.

Kjelde: Wikipedia

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...