Heim Nyhende Undervisningsmateriell på nynorsk – sjeldan kost

Undervisningsmateriell på nynorsk – sjeldan kost

Kvart år får norske skular drøssevis av tilbod om undervisningsmateriell. Om ein vil jobbe med miljø, nord-sør spørsmål, rus eller mobbing, så er det bare å velje, skriv Utdanningsnytt.no.

Så framt ein ikkje er ein av dei 80.000 elevane i landet som har nynorsk som hovudmål. Då er det ikkje mykje å velje i. Det aller meste som blir lansert er berre på bokmål.
– Vi får jamt inn klager frå elevar og lærarar som mottar undervisningsmateriell bare på bokmål, uttaler leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

Skuleaksjonen Hei Verden har tatt tilbakemeldinga frå oppgitte lærarar på alvor, og lanserer nå kampanjen «Snakk så eg forstår» Alt undervisningsmateriell knytt til kampanjen (over 70 sider) er på nynorsk. Kampanjen blir lansert 2. September av Arne Garborg alias Sigve Bøe frå Det norske teater på Garborgsenteret.

– Vi er veldig glade for at Hei Verden gjennom kampanjen «Snakk så eg forstår» har synt at ein kan ta alle elevane på alvor, seier Øvregård.

– Mållaget ønskjer at materiell som bare kjem på bokmål vert returnert. Rett til opplæring på nynorsk må følgjast opp med at alt undervisningsmateriell er tilgjengeleg på nynorsk. Om friviljuge og ideelle organisasjonar vil ha innpass i skulen med sitt undervisningsmateriell må dei følgje spelereglane og syte for at det finst på både nynorsk og bokmål.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...