Heim Nyhende Bokmelding: Praktisk og nyttig om sosiale medium

Bokmelding: Praktisk og nyttig om sosiale medium

Dette er boka for den som nøler og lurer på om sosiale medium er vegen å gå, men også for den som ønskjer å bli gjort merksam på fallgruvene med å bruke sosiale medium som ein del av kommunen sitt informasjonsarbeid.

Medan folk flest, næringslivet og organisasjonane for lengst har teke sosiale medium aktivt i bruk, har det offentlege, og då særleg kommunane, gått noko nølande bak. Ikkje til å undrast over: Å dele alt med alle er ikkje noko det offentlege kan eller bør gjere like ukritisk som vi andre kan tillate oss. Lovar og forskrifter set grenser for openheit, lagring og journalføring. I tillegg kjem utfordringane knytte til roller og bruken av sosiale medium; kven er du når du er på Facebook? Kven har lov og rett til å snakke på vegner av kommunen, og kva kan vi seie?

Sosiale medier i all offentlighet svarar på desse og liknande problemstillingar som vi veit det offentlege balar med. Boka forklarar kort kva sosiale medium er for noko, og korleis vi bruker dei i dag, før dei som har prøvd seg, får sleppe til med historiene sine. Vi får eit innblikk i spesielt Kongsvinger kommune si satsing, som står fram som ei suksesshistoria frå a til å. Men kommunikasjonssjefen i Kongsvinger kommune, Lars Gillund, lar oss også få innsyn i uvissa kommunen har opplevd, og vala dei gjorde som kanskje ikkje var like vellukka. Kongsvinger kommune på nett vart kåra til Årets kommunale nettstad av Difi i 2010.

Like viktig som suksesshistoriene er svara på kva, kor ofte og korleis? Kommunikasjonsrådgjevar Alf Tore Meling gir ei kort og praktisk trinn for trinn-innføring i korleis ein opprettar ei Facebook-side. Dette er nyttig, i alle fall inntil Facebook endrar oppsettet sitt eller kjem med noko nytt.

Dei to kanskje mest interessante kapitla omhandlar jus og etikk. Kva skal ein gjere med journalførings- og arkiveringsplikta? Skal det kommunen seier på Twitter, journalførast? Kan vi handsame saker i all offentlegheit? Og kan ein sakshandsamar snakke fag når ho sit på Twitter heime i eiga stove? Konklusjonane vil kanskje overraske og bekymre ein i overkant nervøs byråkrat. Øyvind Kvalsnes, filosof og førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, slår fast at ein byråkrat nærmast har plikt til å bruke kompetansen sin i sosiale medium, også utanfor kontoret sine fire vegger. Det er jo det sosiale medium handlar om: lytte, dele og delta. Boka byr på gode verktøy som kan hjelpe oss til å ta kloke og trygge avgjerder på etiske spørsmål knytte til bruk av sosiale medium. Dei juridiske spørsmåla er det ikkje så mange eintydige svar på, men problemstillingane er i seg sjølve interessante.

Sosiale medier i all offentlighet er først og fremst ei samling av gode argument som kan vere med og gje den usikre byråkraten det ekstra dyttet i ryggen ho kanskje treng for at hennar kommune skal bli ein av dei som tek dette landskapet i bruk. Samstundes er problemstillingane som blir reist, såpass allmennyttige at boka like godt kan fungere som det venlege dyttet også for næringslivet, lag og organisasjonar.

Dette er ikkje eit djupdykk i sosiale medium i det offentlege. Men ei god leseliste bak i boka og gode referansar bør gi lesaren gode høve til ytterlegare fordjuping.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...