Heim Innspel Norsk språkpolitikk – kunnskap og respekt

Norsk språkpolitikk – kunnskap og respekt

KOMMENTAR: Vi har med stigande undring følgt debatten om nynorsk i skulen. Høgre og Framstegspartiet har begge opna for at sidemål, les: nynorsk, skal vera valfritt i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Dei framstiller denne «valfridomen» som ein demokratisk rett, til beste for elevar og lærarar. Men det er skilnad på demokrati og fleirtalsdiktatur.

I dag har Språkrådet og Kulturdepartementet ansvar for norsk språkpolitikk. I sin konsekvens vil Høgre og FrP sine ønske om at elevane sjølve skal få velja om dei vil læra heile eller litt av det norske språket, føra til at dei flyttar ansvaret for delar av politikken over til skuleborna. Spør du ein trettenåring om ho vil ha mindre lekser, og ein lærar om han vil ha færre stilar å retta, skulle det ikkje forundra oss om dei sa ja takk. Dette handlar ikkje om reelle val, vi snakkar om pinleg ansvarsfråskriving og svekking av kompetansemåla i den norske skulen.

Det er tydeleg at sidemålsopplæringa for bokmålselevar ikkje fungerer godt nok, men då må det vera betre å styrkja denne opplæringa, heller enn å fjerna kunnskapskravet. Kjartan Fløgstad ironiserte, i kjend stil, over den same problemstillinga for nokre år sidan: Kvifor ikkje berre fjerna Sør-Amerika frå kartet? Berre dei færraste av oss kjem til å få bruk for kunnskap om dette kontinentet, skreiv han. Ikkje alle skjøna ironien.

Ei undersøking Språkrådet har gjort mellom norsklærarar, syner det tydeleg: Haldningar til nynorskdelen av faget norsk er ein del av problemet. Ikkje overraskande har lærarar med bokmålsbakgrunn, som kjenner seg svake i nynorsk, dei mest negative haldningane til obligatorisk sidemålsundervisning. Nokre delløysingar på dette er opplagde, men det vil ta tid før dei får effekt: Gi norsklærarar tilbod om betre vilkår dersom dei held eit høgt nivå i faget norsk, gi tilbod om etterutdanning til dei som treng dette; og ikkje minst: styrk norskfaget i lærarutdanninga. Gode norskkunnskapar gir grunnlag for læring i alle fag.

Det er viktig at Høgre og FrP ikkje får leggja premissane for debatten om norskfaget, han er for viktig til det. I staden for å dvela ved detaljar og problem, bør debatten løftast for å synleggjera verdien av at vi faktisk har to språkformer som påverkar kvarandre her i landet. Dette gjer norsk til eit rikare og meir dynamisk språk. For dei fleste av oss er det norske språket sett saman av to likestilte målformer, nynorsk og bokmål – og begge desse formene er umistelege delar av vår felles kulturarv, ja for heile vår identitet. Dette er også utgangspunktet for den svært gode stortingsmeldinga Mål og meining som vart behandla i Stortinget i 2009, og som såleis er gjeldande offisiell norsk språkpolitikk.

Norskundervisninga har vore tospråkleg i 150 år. Alt frå 1860-åra skulle elevane i folkeskulen lesa utvalde tekstar på det som då vart kalla landsmål og riksmål. Femti år seinare vedtok stortingsfleirtalet at dei som tok examen artium, skulle kunna både bokmål og nynorsk. Seinare blei same kravet innført i lærarutdanninga. Det å ha kunnskap i begge målformene vart sett på som ein del av det allmenne danningsgrunnlaget, og tanken om at språkformene skulle vera likestilte, har heile tida vore ein berebjelke i norsk språkpolitikk. Slik bør det framleis vera.

Tradisjonelt har målrørsla først og fremst vore knytt opp mot sentrumsparti som Venstre, KrF og Sp, men dei siste tiåra har dei stadige angrepa på nynorsken, først og fremst frå krefter i Unge Høgre, ført til at det språkpolitiske bildet er blitt meir polarisert. Då Mål og meining var oppe til politisk behandling, kom mindretalsmerknadane frå Høgre og FrP, dei andre partia var einige om det meste.

Sterke krefter har, i valkamp etter valkamp, systematisk spreidd fordommar mot kunnskap generelt og nynorsk spesielt. Fleire leiande Høgre-politikarar i dei største byane våre har ei fortid som ivrige talsmenn for bokbål – for brenning av nynorskbøker. Dette er sterke verkemiddel. Det er tydeligvis freistande for mange å bruka kampen mot nynorsk som populistisk valpropaganda – i bokmålsområde. Mange vil ta bort nynorskbrukarane sine tilkjempa rettar – rett og slett av di dei er i fleirtal. Slike haldningar viser først og fremst mangel på respekt for andre, og bør slåast hardt ned på i den komande valkampen. Og norsk språkpolitikk bør verta eit tema i valkampen, både i år og i 2013.

På mange måtar er kampen for rettane til brukarar av det norske språket ikkje ulik kampen for rettar i arbeidslivet, altså ikkje ulik det arbeidet fagrørsla gjer. Fagforbundet har vore bevisst på dette i fleire år. Sidan 2003 har vi hatt eit omfattande samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), som er ein interesseorganisasjon for dei kommunane som har valt å bruka nynorsk eller som er språknøytrale. Samarbeidet omfattar språkkurs, støtte til viktige nettstader som Framtida.no, Magasinett.no, tidsskriftet Pirion og mykje anna, til dømes utvikling av intern språkpolitikk i organisasjonen. I dag har alle som kontaktar Fagforbundet, rett til svar på den målforma han eller ho brukar. Informasjonsmateriell og publikasjonar skal veksla mellom dei to språkformene, og alle skjema skal vera tilgjengelege i begge målformer.

Dette handlar om å visa respekt for medlemene våre sine rettar – også dei språklege.

Vi håpar også at alle politiske parti vil visa tilsvarande respekt for veljarane sine rettar, anten desse er framforhandla av fagrørsla eller målrørsla.

 

Jan Davidsen, leiar i Fagforbundet

Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK

 

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...