Heim Nyhende Unge skal få unge til å stemme

Unge skal få unge til å stemme

Kommunar med stemmerett for 16-åringar får mange unge på listene til kommune-valet til hausten. I alle fall by-kommunane.

– Det er vanskeleg for 40–50-åringar å nå fram til 16-åringane. Der kjem vi inn, seier 17 år gamle Sofie Bache (V) frå Stavanger til avisa. Bache er sjølv kummulert inn på Venstre-lista, det vil seie at ho får ekstra poeng for kvar stemme Venstre får ved valet.

I Hamar er ein tredel av lista til Arbeidarpartiet under tretti år, medan Høgre i Stavanger har 10 kandidatar frå ungdomspartiet på si liste til valet. Båe desse byane er med i ordninga med stemmerett for 16-åringar. Samstundes fortel partia frå somme av dei mindre kommunane som er med i forsøksordninga med stemmerett for 16-åringar at det er vanskeleg å rekruttere listekandidatar under 30 år.

– Eg håpa at lågare stemmealder skulle få litt effekt, men eg ser ingen umiddelbar verknad. Vi slit jo med fråflytting og har ingen videregåande skule i kommunen, fortel John Gunnar Skogvoll som er SV-leiar i Tysfjord.

Les heile saken i Aftenposten.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...