Heim Nyhende Utviklar kortspel

Utviklar kortspel


Pilotprosjektet Nye tider – ny norsk har utvikla kortspelet Kamp som snart er klart til bruk. Spelet set fokus på nynorsk litteratur.

Prosjetkleiar Bente Dammen ved Osterøy bibliotek fortel at spelet snart skal prøvast ut saman med Høgskulen i Bergen, og så reknar ein med at det kan takast i bruka av skular og bibliotek neste år.

Spelet er eit 4-kortspel, kor korta har bilete og informasjon frå ulike nynorske barnebøker. Det har fleire nivå, og når ein spelar kjem opp i kamp med ein annan, er det om å gjere å kjenne til namn på folk i den aktuelle boka, forklarar Dammen. Bøkene som blir omtala på korta er ei blanding av ny litteratur, kjende bøker som kjem i parallellutgåver og klassikarar.

– Her finn du alt frå Drakeguten av Asbjørn Rydland til Gummi-Tarzan og bøker av Roald Dahl, seier bibliotekaren. Målet med spelet er at det skal gi barna gode assosiasjonar til bøker og stimulere dei til å lese bøkene på korta. Spelet er utvikla for barn mellom 10 og 12 år.

Prosjektet Nye tider – ny norsk starta opp i 2008 og er utvikla av LNK som eit pilotprosjekt.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...