Heim Nyhende Variert Vågåseminar

Variert Vågåseminar

Vågå kommune og LNK er stolte over å kunne presentera eit variert og spennande program til Vågåseminaret.

Jørn Hoel skal presentere ei ny stjerne på pophimmelen under Vågåseminaret. Foto: Per Heimly
27. til 29. august er det klart for eit seminar som skal  handle om kulturbasert næringsutvikling, utviklingstrendar i eit distriktspolitisk perspektiv og reiseliv. Her blir det stort innrykk av folk frå fjern og nær som kan tenkjast å ha ei meining og interesse om temaet. Somme av dei skal vere der for å underhalde, somme for å inspirere, og somme skal kanskje irritere og egge til debatt. I løpet av Vågåseminaret/Landstinget skal også LNK halde årsmøtet sitt.

Attraktivt for unge

TV2-kjendis og bonde Inga Berit Lein vil vere til stades for å snakke om Kommunal- og regionaldepartementet sitt Bolystprosjekt. Lein sit sjølv i Bolystrådet, og ho vil snakke om korleis ein kan gjere distrikta meir attraktive for unge folk.

Bonde Inga Berit Lein driv garden Lein Vestre og har utvikla gardsdrifta til også å vere ein pedagogisk ressurs. Som medlem av Bolystrådet kjem ho til Vågå for å snakke om eit attraktivt Bygde-Noreg. Foto: leinvestre.no
Musikar Jørn Hoel skal presentere eit nytt norsk talent på pophimmelen, som førebels er svært hemmeleg. Hoel skal og underhalde på natur-, mat- og kulturkvelden som finn stad i Arne Brimi sitt rike på Vianvang.

Miljøkrig og poesi

Det kan bli friskt når miljøvernar Kurt Oddekalv kjem for å diskutere innmark, utmark og utbygging med investor i Kvitfjell, Iver Hammeren. Same dag skal også regjeringa vere representert ved næringsminister Dag Terje Andersen. Han skal snakke om regjeringa sin reiselivspolitikk.

Forfattaren Hilde Myklebust er småbrukar og poet og brukar landbruket, dyra og slekta som bakteppe i forfattarskapen sin. På Vågåseminaret kjem ho for å by på bitar av eit liv med både praktiske og poetiske utfordringar.

Tilbake til hippietida

Vidare kan ein få høyre om spa, innvandring, blilyst, breiband, coaching og energikampen. Og ikkje minst er det råd å få sjå musikalen Hair framført på gudbrandsdalsdialekt!. Det blir rock’n’roll, song og dans til langt ut i seinsommarnatta i Vågå.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...