Heim Nyhende Vekst i Vågå

Vekst i Vågå

Folketalet i Vågå kommune steig i 2009 for første gong sidan 70-talet, skriv Kommunal Rapport. Det var noko av grunnen til at ordførar Rune Øygard (Ap) vart nominert til Kommuneprofilen 2009.

Øygard er inne i sin fjerde periode som Ap-ordførar i Vågå. I løpet av denne tida har oppslutninga til Ap auka frå 30 til 75 prosent, skriv Kommunal Rapport.Eit av dei største resultata av Øygard sitt arbeid er eit stabilt folketal.

Det ser ut til å bli pluss i år og forhåpentlegvis i åra som kjem. Målet vårt er å stabilisere folketalet, og me byrjar no å sjå nokre resultat av arbeidet, uttaler ordføraren til Kommunal Rapport.

Øygard haustar ros for å byggje både nettverk og omdømme i kommunen. Sjølv trekk han fram skulen, kulturskulen og meir attraktive arbeidsplassar som satsingsområde.

– Ein god skule skal freiste foreldre til å flytte hit for å bli buande, og den skal etter kvart gi ei høgare utdanna befolkning i Vågå. Fleire unge, kompetente folk vil trekkje til seg nytt næringsliv, slår Ap-ordføraren fast.

Dei andre nominerte til Kommuneprofilen 2009 er avtroppande ordførar i Sunndal, Tove-Lise Torve (Ap), kommunikasjonssjef for Full City-oppryddinga, Vivi Sævik, bystyremedlem i Oslo og nestleiar i Høgre, Erling Lae, prosjektleiar i Mandal, Siren Vetnes Johannessen, og kommunestyremedlem for Rødt i Vågsøy kommune, Geir Oldeide. Prisen går til ein kandidat som har utmerka seg i løpet av året og gjerne over fleire år.

Førre artikkelFå lyspunkt frå Lysbakken
Neste artikkelDrøymevegen

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...