Heim Nyhende Få lyspunkt frå Lysbakken

Få lyspunkt frå Lysbakken

Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken stadfestar at det nynorske læreverket for opplæring av framandspråklege er mangelfullt.

I eit skriftleg svar på spørsmål frå LNK-avisa let ministeren vere å svare på om han har mottatt ordføraroppropet med krav om betre nynorskundervisning.

– I dag finst det ikkje eit fullstendig læreverk i nynorsk for opplæringa i norsk for vaksne innvandrarar, stadfestar Lysbakken på si side.

Nye læremiddel på veg

Mellom nye tiltak på dette området nemner ministeren at Vox (etat under Kunnskapsdepartementet, red.mrk.) i sommar fekk 200.000 kroner av Arbeids- og inkluderingsdepartementet til utvikling av nynorske læremiddel.

– Vox har inngått kontrakt med eit forlag om omsetjing. Tilbodet av nynorske læremiddel vil då omfatte læreverk, lærebok i samfunnskunnskap, nettbasert opplæring, arbeidsbøker, lesehefte og grammatikk, seier Lysbakken.

Om ordbøker på begge målformer, som læraren på Voss etterlyser, vil dukke opp, seier han ingenting om.

Kommunane bestemmer

– Utfordringa for kommunane blir å ta læremidla i bruk. Det er den einskilde kommunen som avgjer om vaksne innvandrarar skal få opplæring i bokmål eller nynorsk, meiner Lysbakken.

Han seier vidare i svaret sitt til LNK-avisa at det vil vere kostnadskrevjande å utvikle eit like breitt tilbod av undervisningsmateriell på nynorsk som på bokmål, då det er få deltakarar i nynorskkommunar.

Samstundes meiner ministeren at det med to jamstilte målformer i Noreg må leggast til rette for at vaksne innvandrarar i kommunar som har nynorsk som hovudmål, skal kunne få opplæring i nynorsk.

Må truleg vente lenger

Lysbakken argumenterer vidare med at det i 2006 blei gitt støtte til å vidareutvikle det nettbaserte læreprogrammet i nynorsk frå 2002, mellom anna i form av tilpassing til ny læreplan, saman med etterutdanningskurs for lærarar.

Barne- og likestillingsministeren svarer heller ikkje direkte på kor lenge Voss kommune og andre nynorskkommunar i same situasjon må vente før undervisningsmateriell for framandspråklege vil finnast på nynorsk i alle fag. Sjølv om noko blir gjort, tyder svaret frå ministeren på at desse kommunane vil måtte vente endå ei stund.

Førre artikkelKva skal nynorskelevane lesa?
Neste artikkelVekst i Vågå

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...