Heim Nyhende Drøymevegen

Drøymevegen

Ein god spøk førte henne inn i politikken. No gir Sigrid Brattabø Handegard (45) råd til samferdsleministeren.

I 1995 var Sigrid Brattabø Handegard hjelpepleiar ved Vikevollen sjukeheim, heime hadde ho tre små ungar og ein mann. Livet var hektisk, og noko av det siste ho tenkte på, var politikk. Så kom spørsmålet om ho ville stå på kommunestyrelista til Senterpartiet i Jondal.

– Det er greitt viss eg får førsteplassen, spøkte eg. Nokre dagar etter kunne eg lese i lokalavisa at det faktisk hadde skjedd. Senterpartiet gjorde eit godt val, og eg enda som varaordførar.

Ho ler hjarteleg av minnet. Mykje har endra seg sidan ho heiv ut den spøken. For å vere heilt nøyaktig er det 12 år som vararordførar, 2 år som ordførar og ein snau månad som politisk rådgivar i Samferdsledepartementet sidan den spøken.

– Eg var nok samfunnsengasjert på den tida også. Men eg tenkte ikkje der og då at eg skulle inn i politikken, meiner ho.  

Livet som ordførar i Jondal var både utfordrande og givande. Jondalstunnelen var i boks. Første salva var alt skoten i tunnelprosjektet som skal knyte saman kommunane på og rundt Folgefonnhalvøya. Tunnelen skal stå ferdig i 2012 eller 2013 og har fått ein prislapp på vel 800 millionar kroner. Heimkommunen til Herborg Kråkevik såg optimistisk på livet. Pengane til den siste forlenginga av tunnelen på Jondal-sida var også endeleg på plass, og det på rekordtid. 46,6 millionar kroner kom på bordet i løpet av fire veker. Ordførar Sigrid Brattabø Handegard hadde hatt Jondalstunnelen til frukost, middag og kvelds. Sjølv skildrar ho den perioden som noko av det mest krevjande ho har vore gjennom. Og så kom telefonen frå Magnhild Meltveit Kleppa.

– Eg hadde fått eit tips om at den kanskje kunne kome. Men det var eit vanskeleg val. Eg treivst så godt i den rolla eg hadde. Det var så mykje på trappene i Jondal eg hadde lyst til å vere med på. Men på den andre sida: kor ofte får ein slik ein sjanse? Truleg berre éin gong i livet, slår Handegard fast.

– Kva svarte du på telefonen?

– Eg sa at eg gjerne ville det dersom dei trudde eg kunne gjere ein god jobb.

Dermed sa ho ja til å bli politisk rådgivar i Samferdsledepartementet og ja til å bli pendlar.

– Eg har tre vaksne barn og ein mann som driv eiga bedrift. No var tida då dette kunne gå. Men eg har jo ikkje sett området i Oslo der eg bur, i dagslys. Det er mørkt når ein går på jobb, og mørkt når ein kjem heim. Det er ingen 9 til 16-jobb, men det var det heller ikkje å vere ordførar, slår ho fast. Og i helgane prøver ho å reise heim. Då er det familien som tel.

Kvardagen i departementet er hektisk, men eit par treningstimar i veka blir det likevel tid til. Det handlar om prioritering. Skal ho fungere, må ho trene. Slik er det berre.

– Eg likar å vere ute, å gå til fjells både sommar og vinter. Eg likar å halde meg i form, og der er heilt naudsynt i denne jobben.

Samferdsle har alltid vore viktig på Vestlandet. Rassikring, vegutbetring, ferjetider og tunnelar. Er det nokon som kan gi råd om samferdsle, må det vere ein ordførar frå Vestlandet.

– Har du gitt nokre råd til ministeren enno?

Handegard skrattler.

– Dei råda gir eg berre til ministeren.

Så var det sagt. Og på spørsmålet om ho brenn meir for éi sak enn for andre, svarer ho diplomatisk at regjeringa skal arbeide for å oppfylle det som blir lova i Soria Moria og i nasjonal transportplan. Ikkje noko mindre og ikkje noko meir. Likevel legg ho ikkje skjul på at den milliarden som er lova til rassikring, er viktig, og det er viktig å få på plass ei utgreiing om høgfartsbanen. Miljøsaka er også viktig.

– No står samferdslesektoren for ein tredjedel av klimautsleppa i Noreg. Det må me ta på alvor, meiner ho.


– Men har Vestlandet fått ei ekstra stemme no i debatten?

– Eg skal sjølvsagt ta vare på interessene i heile landet. Men eg tenkjer at det kan vere ein fordel å vite kor ein kjem frå.

Og Handegard kjem ikkje berre frå Jondal. Ho kjem frå Hardanger og Vestlandet. Ein region og ein landsdel der praten ofte handlar om nye bruer og smale vegar.

– Eg kjenner meg godt igjen i mange av dei utfordringane kommunane har. Den andre dagen på jobb i departementet var eg med ministeren på opning av ein ny veg og tunnel på Lista. Det er så synleg kor lenge folk har venta på dette, når ein ser korleis barnehagen, eldresenteret og skulen møter opp på opninga.

Grasrota er viktig for Handegard. Kva folk flest meiner, og korleis dei vil ha det. Hennar oppgåve blir å vere med på å gjere det enklare for folk, meiner ho sjølv. Å freiste å redusere avstandsulempene, gjere det enklare å kome seg fram i byane, og ikkje minst betre rassikringa.

– Eg kjem sjølv frå ein kommune der du må vere inne kl. 10 fordi siste ferja har gått, og den einaste vegen ut er foreslått verna. Med dette som bakgrunn forstår eg kor viktig samferdsle er for folk, slår ho fast.

Heime i Jondal sit varaordførar Svein Johan Bakke.

– Me gler oss med henne. Dette fortente ho. Og no har me jo eit kjent ansikt å ringe til i departementet, meiner han og legg til at det er viktig både for Jondal, Hardanger og Hordaland å få ein ordførar så sentralt plassert.

Samferdsle er viktig for oss, slår han fast.

Og forventingane i heimkommunen er til å ta og føle på. På det siste kommunestyremøtet Handegard var tilstades på, låg forventningane tett i tett.

– Det er nok i overkant av kva ein kan forvente av ein politisk rådgivar, smiler ho.

– Korleis har den første tida i ny jobb vore?

– Det er veldig spanande. Ein blir jo kasta inn i eit system der det skjer mykje. Ein skal finne sin plass, samstundes som ein skal ta stilling til mykje på kort tid.

– Kva er den største forskjellen frå livet som ordførar?

– I ein liten kommune er det kort avstand mellom dei som styrer og innbyggjarane. Det er det ikkje her. Og så er eg ein del av stort system med mange flinke folk som legg alt til rette for meg. I kommunen er me færre.

Ho har eit politisk førebilete i Anne Enger, kanskje mest av alt på grunn av EU – kampen.

– At ho våga å stå for det ho trudde på, mot alle dei mektige motkreftene. Det gjorde inntrykk.

Val av parti var også enkelt.

– Eg har alltid hatt eit engasjement for likeverd mellom by og land. Og så er eg overbevist om at det er innbyggjarane, næringslivet og kommunane i fellesskap som er dei beste til å utvikle gode lokalsamfunn. Marknaden kan aldri skape eit samfunn folk er glad i. Men partiet har kanskje ikkje klart å halda godt nok på dei veljarane dei vann under EU-kampen.

Atter ein gong er me attende til grasrota. Kven som bestemmer, og kven som bli styrt. Ideologi er viktig. Handegard meiner at media ikkje ynskjer å sjå det store biletet, sakene blir spissa, og overskriftene blir for store. Saka blir ikkje sett inn i ein større samanheng. I tv-debattane får ein jo ikkje tid til å dra eit skikkeleg resonnement, seier ho. Ideologi er ein viktig del av identiteten. Det er også språket.

– Språkpolitikken har ein liknande dimensjon som den om by og land. Det er ein debatt det er viktig å få fram. Det handlar om likeverd og respekt for begge målformene våre.

Handegard er sjølv ivrig nynorskbrukar og ser at samfunnet påverkar mange barn og unge i motsett retning. Det vert så lett å ty til bokmål.

– Me må gi barn og unge sjølvtillit til å vere stolte over dialekten og språket deira. Og ein må byrje i barnehagen og i skulen, slår ho fast. Og me som politikarar kan vere eit førebilete og bruke språket vårt i den rolla me har.

– Først varaordførar, så ordførar og no rådgivar i departementet. Kva drøymer du om no?

– Haha. Det er lite tid til å drøyme i denne jobben. Men eg trur jo at eg kjem til å få ta del i mykje spanande.

Ho tek ein pause og tenkjer seg om.

– I grunn så drøymer eg ikkje så mykje. Eg har eit godt liv.

SJØLVMELDING
Namn: Sigrid Brattabø Handegard
Alder: 45
Bur: Jondal /Oslo
Aktuell: byrja nyleg som politisk rådgivar i Samferdsledepartementet.
Les: saksdokument, aviser. Det er ikkje mykje tid til anna, men eg likar godt å lese skjønnlitteratur.
Høyrer på: stilla. Av og til er det godt å ha det heilt stilt
Førebilete: Anne Enger

Førre artikkelVekst i Vågå
Neste artikkelHøviske ord desember 2009

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...