Heim Nyhende Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni 2025 i Øygarden. Kjem du?

Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein viktig møteplass for nynorskkommunane. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås og senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Synnøve Marie Sætre er mellom dei som innleier. Meir av programmet til landstinget kjem etter kvart.

Programmet startar med lunsj tysdag 3. juni kl 1130 på Panorama Hotell & Resort i Øygarden og blir avslutta med lunsj 4. juni.

Me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert!

Meld deg på landstinget her!

PROGRAM:

TYSDAG 3. JUNI

11.00   Registrering
11.30   Lunsj
12.30   Opning: Velkomen til Øygarden v/ordførar Tom Georg Indrevik
12.40   Leiartale ved Sara Hamre Sekkingstad, styreleiar i LNK
12.50   Kulturell opning med Vivian Steinsland

Tema: Korleis skal staten ta «særleg ansvar for å fremje nynorsk» dei neste fire åra?
13.00 Innleiing ved statssekretær Trude Storheim (Ap)

13.10 Debatt mellom statssekretær Trude Storheim (Ap), stortingsrepresentant Erling Sande (Sp), Hege Lothe, 1. stortingskandidat for SV, Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

13.50 Pause

Tema: Inspirerande nynorskundervising

14.00 Opplæringslova, språklova og ny giv for nynorsk i skulen ved Synnøve Marie Sætre,  senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Høgskulen i Volda

14.15 Korleis hindrar me språkbyte? ved høgskulelektor og lektor i ungdomsskulen, Jorid Saure.

14.30 Slik blir skuletimane aktuelle med nynorsk ved Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i LNK og redaktør i Framtida Junior og Andrea Nøttveit, redaktør i Framtida.no

14.45 Nynorsk i overgangane: Korleis kan me jobba mot språkskifte – og for språkleg sjølvtillit frå barnehage til vidaregåande? samtale med Synnøve Marie Sætre, Jorid Saure m.fl.

15.40 Pause med kake og frukt

16.00 Årsmøte LNK
16.45 Møteslutt
18.30 Aperitiff
19.00 Festmiddag m/underhaldning

ONSDAG 4. JUNI
07.00-08.45: Frukost og utsjekk

08.45 Framhald av årsmøte i LNK.

09.30 Pause og utsjekk

Tema: Språkteknologi og KI – kva må kommunane passa på?

09.45 Innleiing ved direktør i Språkrådet, Åse Wetås

10.15 Samtale om språkteknologi, med representantar frå kommunar som bruker
språkteknologi.

Tema: Frå fine ord til handling – korleis følgja opp språkbruksplanar og språkpolitikk i kommunane

10.45 Den kommunale språkpolitikken ved Fredrik Hope, konservator ved Nynorsk
kultursentrum

11.00 Korleis laga me språkbruksplanen – og korleis følgjer me opp planen? Innlegg ved kommunikasjonssjef Vigleik Brekke, Øygarden kommune og Silje Andvik Hoaas, kommunikasjonssjef, Alver kommune

11.15  Nynorsk byråkrat i forstaden, Petter Steen, skulefagleg rådgjevar i Sveio kommune

11.30 Korte føredrag om nynorsktiltak i kommunane. LNK utlyser konkurranse om dei beste nynorsktiltaka i kommunane.

12.00 Beinstrekk

Tema: Korleis engasjera ungdom i kommunen og lokaldemokratiet?

12.10  Framtida.no fyller 15 år – ved redaktør Andrea Rygg Nøttveit

12.20 Korte føredrag om ungdomsmedverknad i kommunane.

13.00 Møteslutt og lunsj

Det kan bli mindre justeringar i programmet!

Transport:

Panorama Hotell & Resort ligg heilt sør i Øygarden kommune, cirka 45 frå Bergen sentrum. Me set opp buss frå Bergen Lufthamn Flesland tysdag 3. juni kl 1015.

Meld deg på landstinget her!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...