PROGRAM FOR LANDSTINGET TIL LNK
Torsdag 6. juni
Tema:
09.00 Registrering
10.00 Opning: Velkomen til Førde v/ordførar Olve Grotle og fylkesordførar Jenny Følling
10.15 Statssekretær Atle Hamar helsar frå regjeringa
10.25 Leiartale ved Solfrid Borge
10.35 Kulturell opning med fløyte- og slagverkduoen Helga Lied Wyrtz og Thomas Aanonlie.
Tema: Klarspråk og nynorsk inspirasjon
10.50 Ole John Østenstad innleier om klarspråkarbeid i den nye Sunnfjord kommune
11.00 Samtale om klarspråk med Ole John Østenstad, statsekretær Atle Hamar (V) og Steffen Rogne, kommunikasjonsansvarleg i Hå kommune, Årets klarspråkkommune. Ordstyrar: Vigleik Brekke, informasjonsleiar, Fjell kommune
11.40 Nynorsk inspirasjon:
Om nynorskkurs for foreldre ved Petter Steen jr., prosjektleiar i Sveio kommune
Prosjekt «Stolt av eige språk» ved Jorid Saure, Fjell kommune
Rom for ord – eit nynorsk litteraturhus for distrikta, ved Janne Karin Støylen, Svidal Skriveri
12.30 Lunsj
Tema: Med nynorsk på tanken
13.30 Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune innleier
13.35 Med nynorsk på tanken – korleis få fleire produksjonar på nynorsk gjennom Kulturtanken? Ved direktør i Kulturtanken Lin Marie Holvik.
1350: Samtale om nynorsk i Den kulturelle skulesekken: Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør ved Nynorsk kultursentrum, Bodil Kvamme, teatersjef, Sogn og Fjordane Teater, Ingebjørg Erikstad, Janne Karin Støylen, Svidal skriveri og Rom for ord og Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken.
14.30 Pause, kaffi, frukt, utstillarar
Tema: Nynorsk i media
14.50 Nynorsk i media: Mediemeldinga er lagt fram, og ny språkmelding kjem. Kva er utfordringane, og korleis kan nynorsken styrkast som mediespråk? Og korleis rekrutterer ein nynorskskrivande journalistar til lokalavisene – med Rune Hetland, generalsekretær Landslaget for lokalaviser, Marte Husabø, praktikant ved Nynorsk Avissenter, Kjell Ove Nordeide, dagleg leiar ved Nynorsk avissenter og Kai Aage Pedersen, ansvarleg redaktør i Firda. Ordstyrar: Svein Olav B. Langåker.
16.00 Årsmøte LNK
16.30 Møteslutt
18.00 Aperitiff og middag
20.00 Tønes og Tore Renberg reddar kvelden – prat, poesi, song og spel på Larris-scenen.
Fredag 7. juni
Tema: Nynorsk og digitalisering av skulen
08.45 Leiartale ved Solfrid Borge og framhald av årsmøte i LNK.
09.30 Pause og utsjekk
10.00 Den digitale framtidsskulen, ved Ingvild Vikingsen Skogestad, prosjektleiar Digg læring ved Knappskog skule. Kva er det som gjer at sjefar i Google og It’s Learning kjem på besøk for å læra korleis ein skule i Fjell kommune jobbar med digitale læremiddel?
10.20 Nynorsk i den digitale skulekvardagen, ved språkdirektør Åse Wetås.
10.50 Det digitale læringsmiljøet i nynorskskulen – innleiing ved høgskulelektor ved Nasjonalt senter for nynorsk, Hjalmar Eiksund.
11.10 Om digitale skulesatsinga til LNK ved Framtida.no-redaktør Svein Olav Langåker
11.20 Samtale om korleis digitale læremiddel og dei nye læreplanane kan styrkja nynorsken. I panelet: Åse Wetås, Hjalmar Eiksund, Ingvild Vikingsen Skogestad, Mette F. Reinertsen, rektor/styrar Jostedal oppvekstsenter, m.fl.
12.10 Jens Kihl, kommentator i BT, kåserer og utfordrar nynorskkommunane før slutt
12.40 Møteslutt og lunsj