Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) og kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) kjem saman med ei rekkje andre innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni 2025 i Øygarden. Kjem du?
Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein viktig møteplass for nynorskkommunane. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.
Direktør i Språkrådet Åse Wetås og senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Synnøve Marie Sætre er mellom dei som innleier. Meir av programmet til landstinget kjem etter kvart.
Programmet startar med lunsj tysdag 3. juni kl 1130 på Panorama Hotell & Resort i Øygarden og blir avslutta med lunsj 4. juni.
Me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert!