Heim Nyhende Vert du glupare av å kunne både nynorsk og bokmål?

Vert du glupare av å kunne både nynorsk og bokmål?

Har ein kognitive fordelar av å nytte to norske skriftspråk? Korleis kan det i så fall bevisast? Dette er spørsmål som skal drøftast på seminaret Kognitive effektar av norsk toskriftspråklegheit – metodar og funn i Sogndal i februar.

 

At fleirspråklegheit kan gje kognitive og lingvistiske fordelar, er dokumentert i ei rad forskingsarbeid. Om dette òg gjeld personar som er toskriftspråklege med nynorsk og bokmål, er dei siste åra undersøkt av m.a. Øystein Vangsnes ved Universitetet i Tromsø og Mila Vulchanova ved NTNU. No arrangerer Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen eit ope seminar for å kritisk diskutere metodar og funn i desse forskingsarbeida. Hit kjem Vulchanova og Vangsnes med kollega Göran Söderlund for å leggje fram arbeida sine. Dei skal kommenterast av språkvitarane Lars Anders Kulbrandstad ved Høgskolen i Hedmark, Tove Bull ved Universitetet i Tromsø og av psykologane Andrea Bender og Sieghard Beller ved Universitetet i Bergen.

Seminaret er ope for alle og går føre seg 25. og 26. februar på Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Les meir her! 

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...