Heim Nyhende Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

Alle dei fire gardane som har vore avbilda på mjølkekartongane til Tine på Vestlandet sidan nyttår, har tekst på bokmål – så nær som skummamjølka. Teksten er på bokmål sjølv om alle dei fire gardane som er presenterte, ligg i nynorskkommunar.

Det meinte elevrådsleiar Morten Habbestad ved Stord vidaregåande skule var rart og skreiv brev til Tine og lurte på kvifor ikkje mjølka blir levert på nynorsk.

No har Tine svart Habbestad at dei snur, fortel nettavisa Framtida.no.

Frå juni skal Tine igjen marknadsføre mjølka på nynorsk, seier kommunikasjonssjef Olav Håland i Tine Sør og Tine Vest til avisa.

– Vi har skjønt at mange, også bønder, har ønskt å ha nynorsk på mjølkekartongane. Når vi no skal ha nye kartongar, tenkte vi at vi skulle spørje bøndene sjølve, seier Håland.

Og på Vestlandet har dei utvalde kartongbøndene sagt at dei vil at det skal heite mjølk. Og slik blir det. Dei nye kartongane blir tatt i bruk når det blir tomt for bokmålskartongar utover sommaren. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...