Heim Nyhende Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

– Dette blir ikkje først og fremst eit besøkssenter for turistar, forklarar nyleg tilsett prosjektleiar Ann Kristin Kjerland.

Museet ønskjer i staden at fokuset skal vere på instrumentet, utøvaren og musikken. Det betyr i praksis å sjå på kva utøvarane, felemakarane og formidlarane treng for å bringe tradisjonar vidare og styrkje levekåra for framtida.

Unikt

Hardingfela er eit heilt særskilt instrument. Den fint dekorerte fela har fire overstrengar, som ein fiolin, men i tillegg har ho fleire understrengar, såkalla resonansstrengar. Den eldste bevarte hardingfela stammar truleg frå 1651 og vart laga av lensmann Ole Jonsen Jaastad i Ullensvang.

– Vi har vore flinke til å samle gamle gjenstandar og folkeminne, der var vi tidleg ute her i Noreg, seier Kjerland. – Men den immaterielle kulturarven, samværsformer som speling og dansing, har vi ikkje vore like medvitne om.

Unesco definerer i konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven frå 2003, som Noreg slutta seg til i 2007, oppgåva slik: Det å ta vare på dei kulturelle uttrykka som finst berre i det einskilde landet.

– Det er berre vi i heile verda som har hardingfeler, og felemakarane våre forvaltar ein 5-600 år lang tradisjon. Det er viktig å halde denne kompetansen levande, seier Kjerland.

Finne det som trengst

Ann Kristin Kjerland tok til som prosjektleiar for forprosjektet 1. februar, og ho skal levere rapporten sin i februar 2013. Med seg på laget har ho ei fagleg styringsgruppe med folk frå Ole Bull-akademiet, Arne Bjørndal-samlinga, Hardanger spelemannslag, Hordaland fylkeskommune, Hardangerrådet og Hardanger og Voss folkemuseum. Dei tre siste har løyvd midlar til forprosjektet, og Hardangerrådet finansierte tidlegare søknaden til forprosjektet.

– Forprosjektet skal seie noko om kva senteret skal jobbe med, og korleis det skal finansierast. Jobben min no blir å greie ut behova på feltet, både hjå utøvarane og for kulturen, seier prosjektleiaren, som sjølvsagt håpar dette vil munne ut i eit hovudprosjekt, eit nasjonalt hardingfelesenter. Kjerland er sjølv lokalisert hjå Hardanger og Voss museum si avdeling på Utne. Kvar eit eventuelt senter skal liggje, er eit av spørsmåla forprosjektet skal svare på.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...