Heim Nyhende Vil berre bli bøtelagt på nynorsk

Vil berre bli bøtelagt på nynorsk

Fjærlending Knut P. Bøyum godtok ikkje fartsbota som kom i posten. Han vedgår å ha køyrd for fort, men vil ikkje godta å få tilsendt bot på bokmål.

Bøyum hadde vore på konsert i sommar og vart fanga opp av ein fotoboks i Gudvangtunnelen. Då den første fartsbota han nokon gong har fått kom i posten, vart han skuffa. Bota var skrive på bokmål, og det kunne han ikkje godta frå eit offentleg organ. Målmannen ringde til Statens innkrevingssentral og bad om å få ei ny bot, denne gongen på nynorsk. Det fekk han, og no er saka opp og avgjort frå båe sider.

– Det kan hende at eg har lite å gjere på når eg irriterer meg over slike ting og lagar ei sak utav det. Men for meg er målforma viktig. Når eg bur i Sogn og Fjordane og blir tilskriven av eit offentleg organ, så forventar eg at den kjem på nynorsk. Då vart eg temmeleg vrang då det kom på bokmål, seier Bøyum til NRK.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...