Heim Nyhende Vil diskutere fiberutbygging

Vil diskutere fiberutbygging

Medan somme område i landet får dobbelt sett med fiberlinjer, får andre ingenting. No vil It-forum Sogn og Fjordane diskutere fiberutbygging i distrikts-noreg med politikarane.

– Vi ser dette som dårleg samfunnsøkonomi. Det må meir styring og regulering til, slik at ein ikkje får dobbelt opp i heile landet, seier styreleiar Atle Hamar i It-forum Sogn og Fjordane til Computerworld/Idg.no. Forumet har sett seg lei på at kommersielt interessante område i landet har fleire fiberlinjer liggjande parallelt, medan distrikta slit med å få ei linje til alle hus.

It-forumet har no sendt eit brev til Samferdsledepartementet og Kommunal- og regionaldepartmentet kor dei ber om å få diskutere det dei meiner er fleire uheldige trekk i breibandsutviklinga.

Også Bredbåndsforum Sogn og Fjordane er involverte i spørsmålet. Leiar Jenny Følling seier dette er utfordringar som ikkje er spesielle for Sogn og Fjordane, men at desse diskusjonane også føregår internasjonalt.

Dei to foruma føreslår mellom anna at konsesjonsvilkåra for breibandsutbygging blir endra slik at ein stimulerer til betre utbygging i avsidesliggjande strøk og unngår dobbel utbygging i pressområda.

Jenny Følling meiner fibernett må byggjast med offentlege midlar og regulerast slik at dei som får støtte til å byggje ut også har driftsansvar. Samstundes må det vere rom for at andre aktørar får bruke nettet til å sende ut trafikk.

– Skal offentlege pengar brukast på utbygging må det vere krav om at andre aktørar kan bruke fiberen utan at vilkåra og prisen er urimeleg, seier ho.

Kjelde: idg.no

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...