Heim Nyhende Vil få kommunane til å skrive meir forståelege brev

Vil få kommunane til å skrive meir forståelege brev

Mange slit med å forstå brev frå det offentlege. No skal eit nytt KS-program hjelpe kommunane til å skrive klart og forståeleg.

 

Sidan 2009 har statlege verksemder arbeidd med å forenkle kommunikasjonen med brukarane. No skal også brev frå kommunane til befolkninga under lupa.

Eit nytt femårig KS-program skal no hjelpe kommunane å skrive klarere og meir forståeleg. Målet er å spare tida til innbyggjarane og gi dei betre moglegheiter til å ta vare på rettane sine.

– Når språket blir tydelegare slipper innbyggjarane å be om hjelp frå familie og venner eller ringe kommunen. Klar kommunikasjon skaper mindre avstand, meir tillit og betre dialog med det offentlege. Dei tilsette får færre meldingar og kan bruke meir tid på sine kjerneoppgåver. Dette betyr færre tidstjuvar og at kommunane kan bruke ressursane på ein betre måte, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Han meiner også vedtak frå det offentlege som innbyggjarane ikkje forstår, er eit rettssikkerhetsproblem.

KS-programmet vil tilby grunnkurs i klarspråkarbeid til mellom 30 og 50 kommunar første året. I tillegg vil kommunane kunne søke om støtte til klarspråkaktiviteter i sin kommune. KS vil også etablere ein nasjonal base for delbare tekstar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...