Heim Nyhende Ein usannsynleg nynorskbrukar

Ein usannsynleg nynorskbrukar

Utvekslingsstudent James Puchowski (20) er så fascinert over den norske språksituasjonen at han har vorte medlem i Studentmållaget i Oslo.

 

– Eg er ikkje her for å byta tilbake til engelsk, eg er her for å læra meg norsk og korleis språket vert brukt. Sjølv om nordmenn betraktar seg som eit folk som er veldig tolerante mot andre dialektar, så er dei ikkje så tolerante mot folk som prøver å snakka norsk, seier britiske James Puchowski – på bokmålsnært norsk med ein diskré britisk aksent.

Dette skuleåret er han ERASMUS-student på utveksling frå Universitetet i Edinburgh, der han tek ein bachelorgrad i nordistikk og lingvistikk.

LES OGSÅ: Wikimedia får Erasmus-prisen 2015

Preposisjonsutfordringa
Framtida møter den polskætta briten på Kulturhuset i Oslo, før han skal opp på Blinderen for dagens førelesingar.

–På grunn av at eg er utlending kan det av og til vere litt vanskeleg å snakka med folk frå ymse kantar av landet. Med nynorsk tenkjer eg at det vert lettare for utlendingar å forstå dei ulike dialektane som ein møter nesten kvar dag. Det er synd at mesteparten av oss berre lærer oss eitt skriftspråk, som berre vert brukt av ein del av befolkninga i Noreg, seier James som sjølv har teke initiativ til å læra seg nynorsk.

Dei internasjonale studentane på Universitetet i Oslo får nemleg berre tilbod om bokmålsopplæring, difor kallar James seg ein «deltidsnynorskbrukar».

Briten har ikkje problem med å gjera seg forstått og har eit breitt norsk ordforråd, som slett ikkje vitnar om at 20-åringen kom til Oslo for berre nokre månadar sidan.

Men språkentusiasten medgjev at preposisjonane er utfordrande. Det er ikkje alltid lett å vete om det skal vere i eller .

Den britiske utvekslingsstudenten har likevel eit godt grunnlag. Han er litt over gjennomsnittet interessert i språk og snakkar både tysk, fransk, norsk og katalansk – i tillegg til morsmålet engelsk.

På spørsmål om kvifor det vart norsk og Noreg svarar lingvistikkstudenten at det var litt tilfeldig at han for eitt års tid sidan starta på kurs i katalansk og norsk, utan at han hadde til hensikt å halde fram med nokon av delane.

Med sju års skuletysk i bagasjen viste det seg at norsk slett ikkje var ein kjempeovergang.

LES OGSÅ: Ny norsk for nye norske

Mål og meining
Særleg språksituasjonen med to skriftspråk og stor dialekttoleranse har fascinert James, som tek sikte på å skriva ei større oppgåve om målrørsla og samanlikna situasjonen i Noreg med andre land.

– Eg tenkjer at språksituasjonen i Noreg er ein av dei merkelegaste eg har lese om. Eg tykkjer at nynorsk er litt meir demokratisk enn bokmål, fordi det ikkje representerer noko bestemt dialekt i Noreg. Med nynorsk er det lettare å sjå at Noreg er meir enn austkanten i landet. Eg tenkjer at språket tilhøyrer alle, difor må me bruka språk på ein måte som ikkje utelukkar andre personar frå heile biletet, seier James, som absolutt la ideologiske årsaker til grunn for språkvalet.

LES OGSÅ:– Målungdommen er førsteprioritet

Dialektlandet
I tillegg til våre to jamstilte skriftspråk forklarar briten at dialekttoleransen her til lands skil seg vesentleg frå andre land.

– Ta til dømes Storbritannia, der ein òg har ulike dialektar og måtar å snakka på. Men om ein har lyst å jobba i regjeringa eller å ha ei stilling i eit selskap der ein snakkar med folk frå heile verda, er det å snakka med si eiga dialekt ikkje noko som skjer. Ein må læra seg ein slags høgengelsk, som blir betrakta som riktig – «a perfect form» av språket, seier James, og legg til:

– I Storbritannia skjular ein sine språklege røter. Når eg samanliknar landet mitt med Noreg er det veldig overraskande at eg kan snakka på min måte og bli forstått utan at andre skal kritisera meg eller ha bestemte fordommar mot meg.

Ei slik jamstilling i dialektar tolkar han som at Noreg har eit mindre hierarkisk system enn i Storbritannia og at nordmenn er stolte av kvar dei kjem frå.

Dette har briten mellom anna erfart gjennom møtet med dialektstolte målungdommar, som har teke han imot med opne armar.

Allereie neste helg er han invitert til å halda foredrag om «Skottland og Noreg – språkstoder i jamføring» på haustkonferansen til Norsk målungdom.

LES OGSÅ: Spår meir dialekt i Donald

Språkfengsel
Nokre meiner at nynorsken er i ferd med å dø ut og at me nordmenn i framtida vil koma til å snakka engelsk. Det trur James absolutt hadde vore eit tap.

– Å avskaffa dialektar og andre måtar å uttrykka seg på er som å setja folk i eit fengsel. Det er demokratisk og rettferdig at ein får lov til å skriva som ein vil, så lenge ein vert forstått av andre, slår den norsktalande briten fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...