Elise Loftheim (18) i Buskerud Unge Høyre meiner sidemålsundervisning er unødvendig.
Loftheim er nestleiar i Buskerud Unge Høyre og meiner for mykje unødvendig undervisning er noko av grunnen til at så mange elevar sluttar på vidaregåande skule.
– Ein av hovedgrunnane til fråfallet i den vidaregående skulen er at me brukar for mykje tid på unødvendig undervisning. Derfor vil me gjere sidemålet valfritt. Osloskulen fekk gjennomføre eit prosjekt der halvparten av elevane kunne velje vekk nynorsk dersom dei ville.Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) sin rapport viser til gode resultat, skriv ho i eit lesarbrev i Aftenposten.