Heim Nyhende I kampen

I kampen

Erik Ulfsby (40) vil ha fleire til å gå i teateret. Difor tek han samtida med seg inn på Det Norske Teatret.

Han vedgår at han alltid har likt å stå på scenen, å vere der det skjedde, midt i rampelyset. Som barn likte han alltid å organisere leiken, trekkje i trådane og bestemme litt. Kanskje det er difor eg regisserer i dag, seier osloguten undrande.
Seinare i ungdomstida laga han kortfilmar, dreiv med skuleteater og kom med i russerevyen. Der møtte han andre lovande skodespelarar, som Linn Skåber, Christian Skolmen og Kristopher Schau, folk han fort fann tonen med.
Så vart det Romerike folkehøgskole sidan mange av dei andre skulle gå der, og så Teaterhøgskolen. Og slik enda eg på teateret. Men alt i alt er det kanskje ei rekkje tilfeldige opplevingar som har ført meg dit eg er i dag, seier han med eit smil. Eg kunne kanskje like godt hamna ein annan plass.

– Ei stund ville eg bli journalist, men det blei det ikkje noko av. Eg får likevel sjansen til å seie frå om ting som ikkje er som dei burde, frå scenen. Det likar eg.

Samfunnsproblem og utfordringar
i samtida er ein raud tråd gjennom Ulfsby sitt arbeid. Ikkje minst vil han ta samtida inn på teateret for å nå nye grupper tilskodarar. Slik skal innvandrarar, ungdom og fleire menn finne vegen til teateret.

– Eg likar den rolla eg har fått no. Eg vil gjerne delta i debatten der ute, samstundes som eg kan gjere noko kunstnerisk.  Erik Ulfsby har regissert om lag 40 skodespel, og nyleg vart han tilsett som ny teatersjef ved Det Norske Teatret. Enkelte meinte han kom til å gjere teaterprogrammet ved nynorskteateret for kommersielt. Kritikarane meinte det var langt frå Vidar Sandem til regissøren Ulfsby, som mest av alt var kjent for populære oppsetjingar som Jungelboka og Jesus Christ Superstar. Men etter at den nye teatersjefen la fram programmet før jul, har mange av kritikarane stilna.

– Det er god stemning her, og teatersjefstolen er god å sitje i. Eg har jo vore instruktør her før og har sett opp fleire teaterstykke her. Dei kjenner meg her, og eg kjenner teateret.

– Korleis blir du som sjef?

– Eg trivst med å bestemme. Og eg trur eg er ein offensiv sjef, som heller vil sjå framover enn å berre vere oppteken av det som har vore, meiner han bestemt.

Noko av det viktigaste han skal utrette i sjefstolen, er å gå i dialog med nye grupper publikum.

–Eg vil gjere teateret interessant for fleire enn dei som vanlegvis går her. I 2011 skal me ha 23 oppsettingar. Det er ikkje noko poeng at  alle skal like alt, men at det skal vere noko der for alle.

Ulfsby debuterte nyleg som teatersjef med det politiske spenningsdramaet Enron på programmet, eit stykke om det som skjedde i den globale finanskrisa.

– No melder dei frå billettlukene at det i hovudsak er menn som bestiller billettar. Det er kjekt. Det norske teateret har alltid vore eit kampteater. Ulfsby snakkar seg varm om at teaterscenen skal bli ein kamparena, der ein kan løfte fram saker ein brenn for. – Teateret vart oppretta for folk som kom utanfrå, og som snakka rart. Me har alltid vore ein kamporganisasjon som har kjempa for minoritetane. Det skal me halde fram med å vere. Og me skal få fram nye førebilete.

No blir det skodespelarutdanning for skodespelarar med ikkje-norsk bakgrunn. Utdanninga er eit samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT), er treårig og gjev ein fullverdig bachelorgrad. Etterpå er studentane sikra eit års praksis ved Det Norske Teatret. Dermed er grunnlaget lagt for fleire førebilete som Adil Khan, som spelte rolla som Mowgli i Jungelboka på teateret i 2008. Eit forprosjekt til utdanninga er støtta av Kulturdepartementet, og Ulfsby håpar ein skal vere i gang i 2012.

Det multietniske Noreg skal vise igjen på teateret. Me må ha bredde i programmet for å nå grupper som innvandrarar og barn og ungdom. Teateret har allereie eit stort publikum, men me må prøve å nå dei som ikkje naturleg oppsøkjer oss, seier Ulfsby.

– Dette er også kampteateret. Det er ein samanheng mellom nynorsk og ny norsk.?For nynorsk er også ein minoritet – og eit glimrande scenespråk, meiner Ulfsby. Osloguten sitt forhold til nynorsk er ganske så profesjonelt, det er på jobb han brukar det, men likevel har han blitt glad i språket.

– Det er klart at språkdebatten lever i større grad her enn på andre teater. Men framsyningane me leverer, skal ikkje framstå som nynorske, men som framsyningar som blir løfta opp av språket og ut av dagleglivet.

Me skal tilby ei brei vifte av kunstneriske uttrykk og kampsaker på nynorsk. Nynorsken er eit effektivt hjelpemiddel for oss til å nå ut med det me vil, slår han fast.

Sjølv er han halvt nederlendar og voks opp med to språk i dagleglivet. Han har sett kva rikdom det kan vere.

– Nynorsken si framtid er krevjande, men det er framtida til det norske språket generelt også. Det er press frå alle kantar, spesielt frå engelsk. Språket vårt blir utfordra heile tida, seier han og legg til at nynorsken si framtid ikkje er lett å spå. Likevel er han sikker på at dersom fleire skal bli kjent med nynorsk, må språket bli presentert frå fleire ulike hald.

– Det var ingen som reagerte på at Hank von Helvete brukte nynorsk då han spelte Jesus i Andrew Lloyd Webber sin berømte musikal Jesus Christ Superstar. Viss det er uventa folk som brukar nynorsk, så blir det ikkje så farleg lenger.
 

Erik Ulfsby er far til tvillingar på åtte år. Kvardagen er mest barn og arbeid, og det er lite tid til anna. Men på sommaren står båtturar med tresnekka høgt. Eller ein tur på hytta. Uansett likar han seg ute i det fri.

– Teaterfolk vil gjerne gjere noko praktisk når dei har fri. Det som skjer på teateret, forsvinn så fort. Då får ein eit behov for å mure ein vegg eller hogge ved når ein har fri.

Men kritikkane les han alltid, sjølv om han er på hytta.

– Det er tull at kritikarane ikkje betyr noko. Sjølvsagt les eg kritikkane, og sjølvsagt går dei inn på meg. Dei gjev uansett ein peikepinn på korleis teaterstykket vil bli motteke.

– Når er du nøgd?

– Ein blir aldri nøgd. Eg kan godt sitje og sjå på ting eg har gjort, og gle meg over dei. Men nøgd blir eg aldri. Det er ein balanse det der – kunsten å aldri bli mett. Blir ein mett, har ein ikkje meir å gjere på scenen.

– Og dommen til folket er den aller viktigaste?

– Det viktigaste er det ettermælet som teaterstykket får, det som sit igjen hjå publikumet, og som dei fortel vidare.

– Kva drøymer du om no?

– Veit du, eg har tenkt å realisere alle draumane mine her. Ikkje minst gler eg meg til å regissere junk-operaen Shockheaded Peter. Eg har funne min arena, ein arena der eg kan vere med og påverke. Men ein ting drøymer eg om, om å få lov til å gjere Moulin Rouge i sceneversjon.

———————————————-

Sjølvmelding
Namn: Erik Ulfsby
Alder: 40
Bur: Oslo, Grünerløkka
Aktuell: Tok nyleg til som ny teatersjef ved Det Norske Teatret
Les: Manus
Høyrer på: Tiger Lillies og Shockheaded Peter
Førebilete: Baz Luhrman

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...