Heim Nyhende Hever barnelitteraturen

Hever barnelitteraturen


I tre dagar  samlar barnelitteraturkonferansen Maktens pluttifikasjon 400 tilhøyarar og deltakarar frå heile Norden. – Vi ønskjer synleggjere breidda i barnelitteraturen og engasjere fleire grupper, seier kunstnarisk ansvarleg Ine Marit Torsvik Bertelsen.  

Konferansen pågår i Stavanger i desse dagar, og deltakarane er frå fleire av dei gruppene Bertelsen ønskjer å treffe: Politikarar, pedagogar og foreldre, men også forfattarar, bibliotekarar og forlagsfolk.

Barnelitteratur er ein politisk sak, meiner Bertelsen. Openbart fordi politikarar er med og løyver midlar til litterturproduksjon og -formidling, men også fordi dei har makt til å reise spørsmål og problemstillingar.

– Litteratur handlar også om sensur og innkjøpsordningar, og dette er spørsmål politikarane må vere opptekne av, seier Bertelsen. Ho viser mellom anna til at Frp før jul bad kulturministeren syte for at Jan Chr. Næss» bok om Theodor Sterk ikkje vart kjøpt inn av Norsk Kulturråd då staten ikkje bør subsidiere det han kalla partipolitiske barnebøker.

Også i Rogaland har utspelet om frå ein Frp-politikar i programkomiteen  til Maktens pluttifikasjon, om kva type litteratur barn skal utsetjast for, vekt debatt i forkant av konferansen.

Kva som løftar barnekulturen ut av det store litteraturomgrepet si slik grad at den fortener eigne konferansar og politisk engasjement, forklarar Bertelsen slik:

– Barnelitteratur er ikkje annleis enn annan litteratur, bortsett frå ein svært vesentleg ting: Den må formidlast. Det er vaksne som avgjer kva for litteratur barna skal presenterast for. Som barn må du ta det du får.

Barnelitteraturkonferansen finn stad kvart tredje år i Rogaland, og nett eit slik tidsperspektiv er viktig for å få oversyn over trendane og straumane som litteraturen lever i, seier Ine Marit Torsvik Bertelsen.

Barne- og ungdomslitteratur er også tema på Landstinget til LNK i april 2011.

Førre artikkelSpråk og litteratur i sentrum
Neste artikkelI kampen

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...