Kulturdepartementet deler kvart år ut ein pris til journalistar som har fremja nynorsk i media. 1. april er fristen for å foreslå kandidatar for 2014.
Framlegga må ha skriftleg grunngjeving og helst døme på kva kandidaten er god for, heiter det på nettsida til Nynorsk mediesenter. Prisen går til ein journalist som har utmerkt seg i bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken innpass på nye område.
Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk og blir delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta. Prisen for 2013 gjekk til programleiar Christian Wiik Gjerde i Superblokka i NRK P1. (©NPK)