Dei nordiske kulturministrane har tatt initiativ til ein ny, nordisk pris for barne- og ungdomslitteratur. No vil dei gå i dialog med Nordisk Råd om korleis ein kan få realisert prisen.
– Vi har ein lang og flott tradisjon for barne- og ungdomslitteratur i Norden, og den held høgt nivå. Det er derfor svært positivt at dei nordiske kollegaene mine og eg no har blitt samde om å ta initiativ til å opprette ein nordisk pris for nettopp denne litteraturen, seier kulturminister Anniken Huitfeld. Ho trur ein slik pris vil vere med og synleggjere barne- og ungdomslitteraturen i Norden.
– Vi har sett at dei andre nordiske kulturprisane er med på å skape både nordisk og internasjonal merksemd om nordisk kultur, og det skal vi utnytte også på barne- og ungdomsområdet, seier Huitfeldt.