Heim Nyhende Vil ha nynorsk forum i Sogn og Fjordane

Vil ha nynorsk forum i Sogn og Fjordane

Fylkeskommunen tar no initiativ til å etablere eit nynorsk forum i Sogn og Fjordane.

Hovudoppgåva til forumet vert å følgje språkutviklinga i fylket, og setje søkjelys på aktuelle språklege problemstillingar, skriv fylkeskommunen på sine nettsider. Vedtaket om å opprette eit nynorsk forum vart gjort av fylkestinget 5. juni.

Les også: Det nynorske grunnfjellet

Fylkestinget skal også delta i forumet, og valde Jan Olav Fretland som fylkeskommunen sin representant.

– Det er eit mål å forankre forumet breitt og på tvers av sektorar. Dette er viktig for å byggje eit slagkraftig organ som evnar å “ta pulsen”. Aktuelle målgrupper er kommunesektoren, utdanningsinstitusjonar, næringslivet, arbeidstakarorganisasjonar og media, skriv fylkeskommunen.

Fylkestinget vedtok også at fylkeskommunen skal bidra til å markere Språkåret 2013.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...