Språkrådet meiner Kulturdepartementet bør ta initiativ til ein samla ordbokpolitikk for dei neste tiåra.
– Det er viktig at ordbokkompetansen som er bygd opp gjennom Norsk Ordbok 2014, blir tatt vare på og blir utvikla vidare til beste for språkbrukarane når dette prosjektet tar slutt neste år, skriv Språkrådet i ei pressemelding.
I eit brev til Kulturdepartementet oppfordrar Språkrådet departementet til å ta initiativ til ein samla ordbokpolitikk for dei neste tiåra.
Styret i Språkrådet meiner det er viktig å finne attende til tiltak som er til beste for norsk skriftkultur, både bokmål og nynorsk, og andre språk som blir brukte i Noreg.
– Dette bør skje gjennom nasjonale ordbokverk, gode tospråklege ordbøker, anna leksikografisk arbeid og tiltak som sikrar gode språksamlingar og nødvendig språkdokumentasjon, skriv Språkrådet, og viser til at ei ordbok kan vere på papir og/eller i digital format.