Heim Nyhende Sogn og Fjordane feira 250 år

Sogn og Fjordane feira 250 år

Sogn og Fjordane feira torsdag at det vart eit eige fylke for nøyaktig 250 år sidan. Ei rekkje unge talent stod på scena for å feire fylket med ein stor kulturfest.

 

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes ønskte velkomen til kulturfesten i Saften på Leikanger med å minne om at ungdom har hatt ein sentral plass i heile jubileumsåret.

– Vi har lagt stor vekt på å stimulere mange ulike tiltak og arrangement for og med ungdom. Mest av alt vil vi få fram den ungdommelege kreativiteten, engasjementet og dei flotte talenta vi har, sa Kjelsnes.

Blant dei unge talenta på scena var Line Dybedal Vederhus frå Selje og Jonas Nyløy Navarsete frå Sogndal. Sistnemnde har blitt kjent på YouTube for å syngje alle stemmene av Coldplay-songen «Living la vida» sjølv.

Av andre som stod på scena under kulturfesten var ASVO-bandet frå Årdal, Sirkus Smørdal, Drusar frå Jølster og Førde og dansegruppa In Motion frå Luster. Det var i tillegg eit internasjonalt innslag ved elevar frå United World College i Fjaler. Statsråd Liv Signe Navarsete var òg til stades på jubileet.

I tillegg blei det første amtkontoret på Nybø i Leikanger opna for publikum, etter å ha blitt flytta og restaurert. På 250-årsdagen for Sogn og Fjordane var det høgtidleg opning av bygget, med historieforteljing, avduking av informasjonstavle, song og musikk. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...