Heim Innspel Kommentar: Rikdom og respekt

Kommentar: Rikdom og respekt

Som ørsting busett eit steinkast frå Ivar Aasen-tunet er det ei sjølvfølgje for meg som komande stortingsrepresentant å melde meg inn i Løvebakken mållag. Og eg vil starte karrieren på Stortinget med å understreke mitt hovudpoeng i språkpolitikken: Min djupe respekt for nynorsken, for nynorskbrukarane, og mi glede over at vi har to livskraftige språk i landet vårt. Det vil eg nemleg at vi skal ha i framtida òg. Eg synest det er ein rikdom, ikkje plunder og heft.

Språket er nemleg så mykje meir enn ein måte å gjere seg forstått på. Språk er kulturarv, identitet, og nynorsken fortel ei historie om kven vi er som folk. Slik vil eg at det framleis skal vere.

Det fleirkulturelle samfunnet handlar ikkje berre om nye minoritetar. Noreg har alltid vore eit fleirkulturelt samfunn, og samlivet mellom bokmål og nynorsk i 2013 fortel ei historie om nettopp dét. Det er ei historie om, og eit symbol på, tidvise brytningar mellom sentrum og periferi. Denne politiske dimensjonen blir ofte gjort narr av og framstilt som eit problem. Eg ser han først og fremst som ein fruktbar del av folkestyret.

Ikkje alle distriktslandsdelar er nynorskdistrikt, det er ikkje det som er poenget. Poenget er at nynorsken sin eksistens i 2013 fortel ei historie om at hovudstadsmiljøet, og makta der, ikkje har fått lov til å definere og diktere den norske samfunnsutviklinga aleine. Og det er bra. Klokskapen er jamt fordelt i landet, og det er ein styrke for oss som nasjon.

Så kan sikkert nokon hevde at nynorsken ikkje lenger har ein funksjon i så måte. Eg er ueinig, og vil peike på noko som ofte blir gløymd hjå dei som driv med lettvint harselas: Det å ikkje vise respekt for nynorsken, er å ikkje vise respekt for fleire hundre tusen nordmenn som har dette som sitt bruksspråk. Og respekt heng saman med sjølvtillit.

Då Einar Gerhardsen vart beden om å summere opp sitt politiske virke, svara han med den legendariske setninga «Ingen skal lenger måtte stå med lua i handa». Forfattaren Tarjei Vesaas skreiv på si side følgjande om verdien av nynorsken: «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld – den stille nedbrytaren av grenser, den rolege og sikre oppbyggaren i eit folk.»

Djupast sett handlar det om det same: Om tryggleik og tru på seg sjølv. Og sjølv om målform tek ein langt mindre plass i det politiske ordskiftet og det folk knyt til eigen identitet i dag, enn då språkstriden verkeleg raste, så skal vi likevel hugse dette: Ingen blir rettare i ryggen av stadig å få høyre at språket ditt berre er eit unødvendig irritasjonsmoment.

Med viktige unntak for nokre kommunar i det indre Austlandet og Agder er nynorsken i dag eit vestlandsfenomen. Og Vestlandet har stått som sjølve grunnmuren gjennom nynorsken si historie. Det starta med sunnmøringen Ivar Aasen sitt imponerande livsverk. Dette vart løfta vidare av mange, men ikkje minst ei rekkje lysande vestlendingar som jærbuen Arne Garborg og sunnfjordingen Gustav Indrebø.

Derfor er – paradoksalt nok – harselas og nedvurdering av nynorsken også eit angrep på vestlandsk identitet og folkesjel. Paradoksalt, fordi bokmålsbrukarane på Vestlandet også er talrike. Den vestlandske sentrum-periferi-dimensjonen, «bymann mot stril»-fenomenet, har spegla seg på mange vis, men ikkje minst i ulike val av målform.

Vestlandet opplever no si verkelege stordomstid, og vestlendingane sjølve har all grunn til å kjenne seg stolte av det dei har fått til. Men samtidig som vi ikkje skal miste av syne dei næringane og distrikta som slit også her, skal vi ikkje miste av syne den kulturelle dimensjonen.

Språkpolitikken vart ikkje det store valkamptemaet i riksmedia. Og når de høyrde Arbeidarpartiet i debattar, vart det mest om kjernebodskapen arbeid til alle og forsvar for velferdsstaten. Det er difor viktig å nytte dette høvet til å gje eit tydeleg signal om kor eg og Arbeidarpartiet står i språkspørsmålet. Det handlar om å verdsetje rikdomen som ligg i ulike kulturtradisjonar, og om gjensidig respekt for kvarandre. Og at det er slik vi best møter utfordringane som står føre oss i åra som kjem.

Av Fredric Holen Bjørdal, nyvald stortingsrepresentant (Ap)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...