Heim Nyhende Vil nå nye lesegrupper

Vil nå nye lesegrupper

Eit av dei store måla med Leseåret 2010 er å få fleire grupper til å byrje å lese. – 30 prosent av vaksne forstår ikkje innhaldet i det dei les. Det må me ta på alvor, seier Ine Marit Torsvik Bertelsen.

 

Bertelsen er tilsett i Rogaland fylkeskommune som litteratur – og kulturformidlar. I tillegg er ho blant anna leiar for litteraturpolitisk utval i Norsk Bibliotekforening og ein av initiativtakarane bak Leseåret 2010.

 

– Målet er å få til ein heilskapleg lesepolitikk.  Det blir viktig å få fram alle dei gode eksisterande tilboda me har, og samstundes klare å samarbeide tverrfagleg, slår ho fast og viser til eit leseprosjekt i Oslo – og Akershus hotell og restaurantarbeiderforening.

Etterlyser samarbeid

– Dei har tidlegare hatt leseopplæring for sine tilsette, det er jo heilt fantastisk. Men kvifor kunne ikkje fleire samarbeide om slike prosjekt og kanskje fått utvikla ein modul som kunne brukast i andre bedrifter?, seier ho.

Bertelsen legg vekt på at ein må møte dei nye lesegruppene der dei er, hjå NAV, ute på arbeidsplassane og via fagforeiningar. Bertelsen arbeidar også no med ein nasjonal kampanje der fokuseet er på kvifor ein skal bruke biblioteket.

– Besøkstala på biblioteka er positive, men også her må me prøve å få tak i nye grupper og vise fram mangfaldet på biblioteket, meiner ho.

– Trur du Leseåret kan gi oss fleire bøker?

– Det er eg absolutt ikkje oppteken av, me druknar jo nesten i bøker. Det er langt viktigare at me får fleire til å byrje lese, slår ho fast.

Boksjekkar

Dagleg leiar og bokansvarleg i alliansen Leser søker bok, Anne Marit Godal, er samd med Bertelsen i at den største utfordringa er å få fleire til å lese. Leser søker bok arbeidar for at alle skal ha tilgang til litteratur, og sørgjer for at det blir produsert tilrettelagte bøker ved å gi støtte til forfattarar, illustratørar og forleggarar. I tillegg arbeidar alliansen for at lesaren lettare skal kunne finne fram til bøkene.  Alliansen består av organisasjonar frå dei som skaper bøkene og formidlar dei og heilt fram lesaren.

Eit av måla med leseåret er heilt klart å få til ei forandring i forhold til dei som ikkje les noko særleg frå før. Og det er klart at dersom fleire vaksne byrjar å lese vil det også føre til meir lesing blant barn og unge, men det er ein bieffekt. Det er dei vaksne som er hovudmålgruppa, meiner ho.

Blant anna vil Leser søker bok dele ut boksjekkar til LO – medlemmar som gir fem gratis bøker på biblioteket. Godal viser også til at Leser søker bok skal samle fylkesvise og deretter lokale nettverk av dei ulike fagforbunda og biblioteka. Dei skal samarbeide om å få til aktivitetar som kan få medlemmane til å lese meir. No håpar Godal den statlege støtta kjem på plass. Prosjektet vart lova seks millionar kroner over statsbudsjettet tidlegare i haust. ABM – utvikling fekk også i utgangspunktet ansvaret for å organisere arbeidet med leseåret. Men så snudde styresmaktene.

No veit me ikkje kven som får denne oppgåva. Eg meiner jo bestemt at det er noko me kan utføre dersom ABM – utvikling ikkje skal gjere det. Departementet må i alle fall få dette på plass no, slår Godal fast.

Håpar på avklaring

– Regjeringa la fram forslag i statsbudsjettet om at me skulle ha sekretæransvaret for prosjektet, men den siste beskjeden me har fått er at det ikkje skal vere noko sekretæransvar, så no veit me faktisk ikkje, seier direktør i ABM – utvikling, Leikny Haga Indergaard.

Ho meiner Leseåret 2010 er eit positivt tiltak, ikkje minst sidan dette er meint å vere byrjinga på ei fire år lang satsing.

Det er også positivt at ein vil fokusere på at fleire vaksne som ikkje les så mykje frå før skal lese meir. Me har ikkje hatt så mange slike prosjekt før, slår ho fast.

Indergaard meiner målet med prosjektet må vere at fleire skal byrje å lese og at fleire vil lese meir. Men også ho etterlyser no ei avklaring på kven som skal organisere prosjektet. I skrivande stund er det ikkje bestemt kven som eventuelt skal ha sekretæransvaret.

– Me har fått signal på at den avklaringa kjem snart. Det er me glade for, seier Indergaard.


LESEÅRET 2010

2010 er av Kunnskapsdepartementet og Kultur – og kyrkjedepartementet utpeikt som Nasjonalt leseår. Leseåret 2010 skal vere starten på eit leseløft som skal vare fram til 2014. Det er løyva 6 millionar til prosjektet over statsbudsjettet. I statsbudsjettet vart også ABM – utvikling utpeika med sekretæransvar for prosjektet. Det er no usikkert kven som får den rolla.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...