Heim Nyhende Vil skape betre haldningar

Vil skape betre haldningar

Knut Arild Hareide vil fornye undervisninga for å få fleire positive haldningar til sidemålet.

– Kva blir den viktigaste språksaka fram mot Stortingsvalet 2013?

– Det er å styrke skulen slik at alle har grunnleggande lese- og skrivekunnskapar når dei går ut av grunnskulen.

– Kva blir den viktigaste nynorsksaka?

– Å fornye undervisning og prøveformer for å medverke til ei meir positiv haldning til sidemål i heile landet.

– Kva tenkjer du om framtida til sidemålet og sidemålskarakteren?

– Det er avgjerande at vi klarer å skape gode haldningar til nynorsk for å sikre forståing for to jamstilte målformer og sidemålsundervisning.

– Kva tenkjer du om mållova? Bør ho bestå?

– Hovudtrekka bør bestå, men vi er opne for å vurdere om dei einskilde føresegnene i lova kan ivaretakast i andre lover. For KrF er det resultatet som er viktigast.

– Kva trur du blir den viktigaste utfordringa for nynorskkommunane framover?

– Å rekruttere medarbeidarar som både er gode på sitt fagfelt og samstundes skriv god nynorsk.

– Korleis påverkar språksakene eit eventuelt regjeringssamarbeid etter valet?

– Sondering og drøfting av eit eventuelt regjeringssamarbeid omfattar ei totalvurdering av alle viktige saker. Språksakene er ei av desse.

Me utfordrar partileiarane på Stortinget på kva dei meiner blir den viktigaste språksaka fram mot Stortingsvalet 2013. I dag: Knut Arild Hareide (KrF)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...