Heim Nyhende Få kampanjar på nynorsk

Få kampanjar på nynorsk

Skulane får tilsendt mykje kampanjemateriell som plakatar, brosjyrar og pedagogiske opplegg. Lite av dette er på nynorsk, kvifor?

Språkrådet får av og til klager frå foreldre der borna som går på nynorskskule, har fått læringsressursar på bokmål. Dette er stoff som forlaga lagar. Språkrådet har ikkje formelt ansvar for opplæringslova, men i fjor skreiv Språkrådet eit brev til Kunnskapsdepartementet der dei ber departementet om å ta problemet på alvor.

– Språkrådet er uroleg for språkutviklinga og den språklege sjølvkjensla til denne elevgruppa fordi dei stadig må ta til takke med materiell på bokmål i undervisninga, skriv dei i brevet. Språkrådet meiner det som eit minimum burde finnast parallellversjonar av alle læringsressursar som blir utvikla til bruk i skulen, når dette skjer i regi av statlege aktørar eller av private aktørar med statleg støtte, seier Sigrid Tvitekkja i Språkrådet.

Språkrådet fekk aldri svar på dette brevet.

Sigfrid Tvitekkja understrekar at mållova, som Språkrådet fører tilsyn med, også stiller krav til utgjevingar på begge målformer når dette er stoff som skal brukast i skulane.

– Når statsorgan lagar materiell til bruk i skulen, skal dei alltid vurdere å leggje materiellet ut i begge målformer, sjølv om mykje av poenget med statleg språkbruk er at ein skal veksle mellom målformer innanfor same tilfanget. Me meiner bestemt at langt meir enn det som blir presentert på både nynorsk og bokmål i dag, burde ha blitt det, seier ho.

Les også: – Nynorskbøkene er ikkje gode nok

Det som forlaga lagar, kjem under kravet om parallellutgåver i opplæringslova. Der slår ein fast at det i andre fag enn norsk berre kan brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris. Også digitale læremiddel kjem under parallellitetskravet, men dei må t.d. brukast regelmessig for å nå vesentlege deler av kompetansemåla, eller dei må vere viktige for dei grunnleggande ferdigheitene i læreplanen for faget. Likevel blir det produsert mykje berre på bokmål, som lærarar faktisk brukar i klasserommet regelmessig, og som borna får lekser i. Forlaga legg dette ut som læringsressurs og ikkje som læremiddel, men skulane brukar det som læremiddel. Språkrådet meiner lova bør rydde opp i tilhøvet mellom middel og ressurs.

Kommunikasjonsrådgjevar i Utdanningsdirektoratet, Kristine Strømmen, slår fast at det er skuleeigar sitt ansvar dersom ein er i tvil om materiellet fell innanfor kravet om parallellutgåver.

– Det stemmer. Og skuleeigarane må slutte å dele ut ting som berre er på bokmål, dei må i alle fall sjekke ut om det finst eit alternativ på nynorsk først. Det er få skular som gjer noko med dette i dag. Kanskje dei ikkje veit kva dei må gjere, seier Tvitekkja.

Les også: Utidig av Leselystaksjonen og Kathrine Wegge

TINE har ein eigen nettportal for skulemjølk. På Skolemelk.no er det meste av materiellet på bokmål, men kommunikasjonsrådgjevar Olav Håland opplyser likevel om at nokre av hjelpesidene også er på nynorsk. *

– Emballasjen er lik, og det er bokmåltekst på kartongane. I skuleklassen blir skulemjølka delt ut frå nokre små transportkassar. På den eine sida står det skulemjølk og på den andre sida skolemelk, seier Håland. Han viser til at TINE har lite skriftleg kontakt med skulane, men at brev som blir sende ut, blir sende på den målforma skulen brukar.

– Målforma er viktig for TINE. Våre eigarar og mjølkeprodusentar representerer eit mangfald når det gjeld bruk av målform. Det same gjeld forbrukarane våre. Samstundes har me produkt som det er naturleg å bruke nynorsk tekst på ut frå geografisk og historisk tilknyting. Døme på dette er chèvreosten frå Haukeli, gamalosten frå Vik og den eksklusive eplejusen frå Hardanger. På slike produkt er det heilt naturleg å bruke nynorsk. Elles legg me vekt på å bruke begge målformer på mjølka vår.

Fairtrade Noreg har eit eige skuleopplegg der skular kan søkje om å bli Fairtrade-skule eller nytte seg av kampanjemateriell som er meint som ei rettleiing for lærarane. 30 kommunar er Fairtrade-kommunar her i landet, medan det til no berre er to skular som har kasta seg med i opplegget. Målet er at skulane skal setje rettferdig handel på dagsorden, og at elevane skal bli medvitne om kva marknadskreftene gjer for produsentane av varene. Mange av Fairtrade- kommunane er nynorskkommunar, likevel er opplegget frå Fairtrade i dag berre på bokmål.

– Me skulle gjerne hatt det på nynorsk, men slik ressurstilgangen vår er i dag, blir materiellet nok berre på bokmål også i framtida. Det er viktig for oss å utvikle konsepta våre vidare, og det ligg mykje på administrasjonen her i Oslo, som diverre berre skriv bokmål, seier Andreas Feen Sørensen som er prosjektkoordinator for Fairtrade-kommunane.

– Er det rettferdig?

– Nei, det kan du kanskje seie det ikkje er. Men det er i alle fall så rettferdig som ein kan få det akkurat nå.

Leiar i Lærarmållaget, Håvard Tangen, meiner det ikkje heng på greip at nynorskskulane ikkje får tilgang til informasjonsmateriell på eige mål.

– Dette osar bokmålspropaganda lang lei. Nynorsken må stå fram som eit normalt, fulldekkjande mål med uavgrensa kode. Dersom friviljuge lag og organisasjonar ikkje tilbyd læremiddel som ligg føre på anna enn konservativt bokmål, seier det noko om samfunnet me lever i; eit bokmålsvelde som gjennomsyrar heile tenkjemåten vår, seier han og påstår at mange nynorskfolk er vane med å stå vegkanten, med bøygd nakke og huva i handa.

– Her er det stordriftsføremonene til bokmålet som slår inn. Alle skjønar, les og til dels skriv bokmål i dette kongeriket, og då kan målspørsmål berre sopast under teppet som ingenting. Bokmålshegemoniet er likevel bygt på uttrenging, tyning og kuing av heimleg kultur, norsk mål og eigen identitet i bygd og by. Tangen er klar på at nynorsken må vise seg som allmenn, gyldig og gjeldande, også i urbane miljø. – Opplæringslova er kan hende ikkje skikkeleg oppdatert på dette punktet, teknologien jagar fort av garde, kan hende har me eit etterslep. Altfor lite av digitale læremiddel vert omsett til nynorsk, den digitale revolusjonen må liggje føre til same tid og same pris for nynorsk som på bokmål, slår han fast.

Skoleaksjonen Hei Verden er ein av dei som har byrja å lage materiell på nynorsk. Kampanjen Snakk så eg forstår vart lansert på nynorsk i fjor.

– Det burde vel eigentleg vore sjølvsagt at me som lagar undervisningsmateriell til skulen, må bruke begge målformer. Likevel må eg vedgå at det var tydeleg tilbakemelding frå fleire skular som fekk oss til å innsjå at dette måtte prioriterast, seier Kari Vestbø i Hei Verden.

– I tillegg såg me jo at det blir eit paradoks når norske elevar samlar inn pengar for at quichuaborn i Peru skal få undervisning på deira eige språk, medan dei same norske elevane ikkje får undervisningsmateriell på sitt skriftsspråk.

I skuleaksjonen Hei Verden samlar borna inn pengar til å hjelpe quechuaindianarane i Peru.

– Alle born har rett til å få gå på skule og til å bruke sitt eige språk. Sjølv om quechuaindianarane utgjer nesten halvparten av folket, opplever dei dagleg ei språkleg og kulturell diskriminering, også i skulen. Eg blir trist når eg tenkjer på kva det gjer med eit barn som kjem på skulen, full av forventningar og læreyst, at læraren snakkar eit språk barnet ikkje forstår. Ikkje berre blir det svært vanskeleg å henge med i timen, men faren er at det også går ut over barnet sin identitet og sjølvoppfatning. Mange born i Peru får ei oppfatning av at quechua er eit språk for enkle bønder, medan spansk representerer utvikling og det moderne liv.

– Kva respons har de fått?

– Me har fått veldig god respons. «Så bra at de har materiell på nynorsk!» har vore kommentaren som går igjen. Utfordringa for oss er å nå fram til lærarar med informasjon om at me har undervisningsmateriell frå fleire land som kan brukast i mange fag. Alle artiklane på skulesidene våre finst no på begge målformer.

– Kvifor trur du det finst så lite materiell på nynorsk?

– Det er nok mange grunnar til det. Kanskje ein av grunnane er at dei fleste organisasjonane held til i Oslo? Me held til i Stavanger og er tett på skular både i Ryfylke og på Jæren.

Førre artikkelBlir i LNK
Neste artikkelVil skape betre haldningar

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...