Heim Nyhende Vil styrkje barnehagespråket

Vil styrkje barnehagespråket


Fleire nynorskaktørar rettar seg no særskilt mot barnehagane. – Det er viktig at både tilsette og foreldre meiner at det er avgjerande med nynorsk, også for dei minste, seier Ragnfrid Trohaug i Samlaget

Trohaug er redaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget og meiner tilgangen til nynorskbøker for barn er avgjerande for kva språk ungane møter i barnehagen.

Det finst mange flotte bøker på nynorsk som ein med hell kan nytte i barnehagen, men barnehagane veit slett ikkje alltid at desse bøkene eksisterer, heller ikkje i kjerneområda, seier ho. Dei som arbeider for å fremje nynorsken, må synleggjere desse bøkene.

– Og det på ein annan måte enn all annan litteratur, for desse bøkene druknar ofte i bokhandelen, og mange stadar der det er nynorskbarnehagar, er det ikkje bokhandel.

Ragnfrid Trohaug meiner det er viktig at dei ulike aktørane samarbeider for å få meir nynorsk inn i barnehagen. Og ho har klokkartru på at språkleg sjølvtillit er noko som må skapast heilt frå før ein kan snakke.

– I forlaget har me gåande eit prosjekt kring utvikling av småbarnsbøker, fordi me meiner det er viktig at ungane får møte nynorsken allereie på peikebokstadiet.

Samlaget deltek også med boktips i Noregs Mållag sitt barnehageprosjekt Gjennom ord blir verda stor og planlegg i tillegg å lage tilbodspakkar med aktuelle bøker til barnehagar.

Språkleg plattform
Dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, meiner det løner seg å samarbeide med andre som også arbeider med å styrkje nynorsken i barnehagane.

– Då når me ut til fleire, og bodskapen står fram sterkare. Me vil mellom anna gjerne samarbeide om litteraturformidling, der særleg forlag kan vere aktuelle samarbeidspartnarar. Eit anna område kan vere å få fleire oppvekstavdelingar i kommunane til å diskutere kva språkpolitikk som bør liggje til grunn for barnehagane, med mål om at fleire kommunar lagar ein språkplan og inkluderer barnehagane i denne. Her er det naturleg å tenkje på LNK som ein samarbeidspartnar, seier ho.

Noregs Mållag har no starta kampanjen Gjennom ord blir verda stor. Prosjektet er planlagt oppsummert til landsmøtet i april 2012. Hovudtyngda denne hausten er tre kampanjeveker, der styremedlemmer og tilsette saman med lokallaga vil reise til 30-40 barnehagar. I tillegg er det mange lokallag som no set i gang tiltak.

– Målet med prosjektet er for det første at ungar som seinare skal byrje med nynorsk på skulen, har ein god nynorsk plattform og er trygge på språket sitt. I tillegg er det eit mål at ungar som skal ta til med bokmål, også har fått møte nynorsk som ein naturleg del av det norske språket, slik at ein gjennom tidleg kunnskap kan ta toppen av seinare moglege fordommar.

Målgruppa til prosjektet er både dei tilsette i barnehagane og foreldra. Morken Endresen meiner det er viktig at båe desse gruppene er medvitne om den språklege påverknaden ungane møter i kvardagen.

– Den beste måten å styrkje nynorsken på er gjennom mykje bruk av nynorsk i litteratur, songar og leikar. I mange område er det også viktig at ungane får lære dialektorda i ulike samanhengar, og at ein bruker tid på positiv undring over kva som er likt og ulikt mellom dei ulike dialektane.

– Finn dei gode bøkene
Det nasjonale senteret for nynorsk i opplæringa, Nynorsksenteret, satsar også på å nå ut til barnehagane. Med prosjektet Nynorsk i barnehagen tilbyr dei barnehagane nettstaden Nynorsk for dei minste, som er ei ressursside for dei som jobbar i barnehagar og på dei lågaste trinna i skulen, og dessutan barnesidene som er knytte til tekstsamlinga Les for meg!

I tillegg ynskjer Nynorsksenteret å styrkje bruken av nynorsk barnelitteratur og å ha fokus på nynorsk i språkstimuleringa i barnehagen. Som resultat av dette har barnehagane fått tildelt bokpakkar med ny nynorsk barnelitteratur. Målgruppa er barnehagetilsette i nynorskkommunar, og prosjektet går fram til våren 2011.

– Det finst mange gode barnebøker på nynorsk, og har ein gode bøker i barnehagen, har ein eit godt utgangspunkt for å gi barna gode leseopplevingar på nynorsk, seier Liv Kristin B. Øvereng, som er prosjektmedarbeidar i Nynorsksenteret.

Noko av det viktigaste barnehagane kan gjere, i fylgje Øvereng, er å vere medvitne på kva bøker dei vel ut, og ikkje minst bruke nynorsk i kvardagen, både i høgtlesing og når ein skriv.

– Det er mange tiltak som er bra og viktige. Vår satsing konsentrerer seg i denne omgang om bruk av barnelitteratur og IKT, men det er sjølvsagt mange andre ting som er viktige i kvardagen. Ingeborg Mjør heldt eit innlegg på eit seminar me hadde i Bergen, og ho la mellom anna vekt på at det er viktig å lese på nynorsk, ikkje berre på dialekt. I tillegg understreka ho at me bør bruke nynorsk som skriftspråk både på slikt ein skriv sjølv, og når ein er skriv for barna, til dømes i samband med teikning.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...