Heim Nyhende Vil vakte språket i regionen

Vil vakte språket i regionen

Bygland kommune ønskjer at alle framlegg Setesdal regionråd gjer, skal kome på nynorsk.

Så viktig er dette for Bygland at dei fatta eit vedtak om saka i formannskapet, som sidan vart lagt fram for regionrådet. Ordførar Leiv Rygg i Bygland, som dessutan er leiar i regionrådet, seier til LNK-avisa at dette vart lagt fram som ei orientering for rådet om korleis Bygland ønskjer at det skal vere.

Tre nynorskkommunar

Setesdal regionråd består i dag av fire kommunar, Bygland, Valle, Bykle og Evje og Hornnes. Av desse er dei tre første nynorskkommunar, medan Evje og Hornnes er språkleg nøytral. Til NRK har Evje og Hornnes kommune gitt uttrykk for at dei ikkje ønskte å krevje at alle saker frå regionrådet vert lagde fram berre på nynorsk.

LES OGSÅ: Vil bli språkleg nøytrale

Ordførar Bjørn A. Ropstad seier til NRK at han er usamd i at alt skal skrivast på nynorsk, og at sakshandsamarane må få skrive på bokmål når det kjennest naturleg for dei.

Som før

– Det var ei oppmoding frå vår side som eg orienterte om, eg fann det feil å ta ho opp til handsaming med tanke på den saka Bykle no har oppe. Det vart ikkje fatta noko vedtak i rådet for eller imot, seier Leiv Rygg. I dag blir dei fleste saksframlegga frå regionrådet lagde fram på nynorsk, men ein del kjem også på bokmål. Slik vil det truleg halde fram, og stoda er sånn sett til å leve med, meiner han. Rygg understrekar at eit regionsamarbeid er avhengig av at partane i samarbeidet er så samde som mogeleg.

LES OGSÅ: Fryktar for skulemålet

Tidleg ute

Til no har altså nynorskkommunane vore i fleirtal i Setesdal regionråd. Rygg er ikkje i tvil om at både Bygland og Valle vil halde fram med å vere nynorskkommunar. Utsegner som ordførarane har gitt i media dei siste vekene, tyder på at målet har ein trygg posisjon desse to nabokommunane. Rygg trur i det heile at nynorsken har ein sterk posisjon hjå setesdølen.

– Vi har vore nynorskkommunar sidan nynorsken kom, seier han og peiker på at Bygland truleg var den første kommunen som tok landsmålet i bruk som administrativt språk. ¬

I tillegg talar mykje for at Lars K. Liestøl frå Bygland var den første stortingsmannen som nytta landsmål frå talarstolen på stortinget då han kom inn der i 1874.

– Dette syner noko av kva historiske og kulturelle røter vi har, slår Rygg fast.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...