Heim Nyhende Viser fram nynorske barnebøker

Viser fram nynorske barnebøker

Erna Osland er ein av forfattarane som bidreg under Nynorsk barnebokveke.

 

Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret, Ivar Aasentunet og Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Gjennom tre dagar vert det halde foredrag om barnebøker og korleis ein skal skape meir leselyst blant born, skriv Møre – Nytt.

– Det er veldig fint å vere lærar eller bibliotekar og få vere med å arbeide for born. Språket og lesinga er noko av det som gjer at ein vert ulike og får kvar sin måte å vere på, seier Erna Osland som er ein av forfattarane som bidreg.

– Eg ser at forteljingane er ein veldig god måte å nå måla eg strevde mot som lærar. Dei handlar om å oppdage seg sjølv, og då må ein sjå den andre. Det er det all skjønnlitterær tekst handlar om: å vise den andre. Då ser ein også seg sjølv.

Fire plassar Den nynorske barnebokveka er eit mobilt arrangement. Etter å ha vore i Aasentunet måndag, gjekk turen vidare til Herøy bibliotek, Vestnes bibliotek og Fræna bibliotek.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...