Heim Innspel Palestina og Noreg og språk

Palestina og Noreg og språk

Eg skriv språkspalte på veg heim frå feiringa av titusenårsjubileet til Jeriko, med hovudet fullt av sterke inntrykk: blide og vennlege menneske, ein uverdig apartheid-mur, ei anna verd. Kontrastane er enorme og gjev grunnlag for refleksjon, også om språk. Her er det arabisk og hebraisk og engelsk om einannan, nesten alltid minst to språk på skilt og hus, eit herleg, og farleg, samansurium. Språk er med og avgjer om du er på den «gode» eller den «vonde» sida. Interne stridar om språk i Noreg, mellom mette og likestilte borgarar, kan synast uviktige.

Ein annan tanke som har slått meg eit par gonger når eg står i ein arabisk bydel, er kor fullstendig framandgjord eg er der og då, både språkleg og kulturelt. Slik, berre verre, er det truleg når ein somaliar eller ein pakistanar for første gong set foten på norsk jord og frosen og redd ser merkelege teikn som ikkje er til å forstå: eit takras av krullar og strekar og prikkar, utan meining og vit. Ein tenkjer ikkje over dette til vanleg, men i ein bydel i Ramallah eller i gamle Jerusalem sig det på ei ny forståing av å vera framand i eit nytt land.

Språk er altså uendeleg mykje meir enn bokstavar. Språket gjev tilhøyrsle i ein kultur, ein nasjon, og skaper fiendskap til andre kulturar. Sjå berre på korleis dei prøver å endra normeringa i somme av dei nye statane på Balkan, slik at same skriftspråket blir så pass ulikt at dei kan skilja ut venn og fiende med nokre bokstavar.

Så hevdar somme at språksituasjonen i Noreg er uvanleg og merkeleg. Dei kan ikkje noko om språk. I Noreg har me to språk, framavla av ulike kulturar og med ulike nasjonale, sosiale og kulturelle kjenneteikn. Dette er eit gode, ein skatt i landet vårt, som gjer at framståande språkforskarar framhevar oss som eit føredøme for andre. Og det er nynorsken som er det spesielle, skriftspråket som skulle gje nordmenn deira eige, demokratiske uttrykk, bygt på talemålet til folk flest. Det kan me trygt skryta av, me nynorskingar.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...