Heim Nyhende Mastemotstand i Radøy

Mastemotstand i Radøy


Skepsisen til ei påtenkt kraftlineutbygging i Nordhordland er stor. – Aksjonane og oppstanden rundt utbygginga i Hardanger har nok tent saka vår også, seier talsmann for Folkeaksjon mot luftspenn i Nordhordland (FMLN), Olav S. Namtvedt.

Namtvedt har vore politikar og ordførar i Radøy kommune. No har han retta engasjementet sitt mot den omsøkte utbygginga av kraftliner som skal gå frå Kollsnes til Mongstad og krysse fire kommunar undervegs. Det er BKK som står som søkjar, og planane omfattar tre ulike alternativ som alle omfattar både luft- og sjøkabling. Politikarane i kommunane det gjeld, Radøy, Austrheim, Lindås og Øygarden, har kravd at alle linene skal leggjast i jord- eller sjøkablar, men BKK seier i søknadene sine at dette ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt. Av det FMLN har oversikt over no, er kostnaden i BKK sitt forslag på om lag 700 millionar kroner, medan ei løysing med berre jord- og sjøkablar vil koste meir enn ein milliard.

 

Ikkje fint

– Det er same argumentasjon som i Hardanger, seier Namtvedt. – Men skilnaden er sjølvsagt at hjå oss skal to tredelar av lina gå i sjøkabel i utgangspunktet, og då meiner vi det ikkje blir særleg mykje dyrare å leggje alt i jord eller sjø.

Innbyggjarar og turistar i øysamfunnet Radøy vil først og fremst merke dei nye kraftlinene visuelt. Master og liner vil gå over område nord på øya som folk bruker til friluftsliv. Svært få vil bli direkte forstyrra der dei bur, seier Namtvedt.

– Men det vil ikkje ta seg pent ut. Vi kan sjå til nabokommunen vår, Øygarden. Der har dei ikkje høgspentmaster i heia, og det gir ei heilt anna oppleving.

Radøy har dessutan eit rikt fugleliv, med raudlisteartar som hubro og hønsehauk, og Namtvedt fryktar mastene kan få stor verknad for desse.

Eit nytt Hardanger

Namtvedt seier dei er glade for å ha dei fire kommunane i ryggen når dei prøver å påverke BKK til å sjå på andre alternativ enn luftliner. Så langt har aksjonsgruppa brukt meir ord og argumentasjon enn direkte aksjon i sine forsøk på å påverke. Det har vore ei underskriftskampanje og nokre folkemøte, men elles meiner motstandsgruppa at argument er det sterkaste våpenet no. Men kva som skjer viss søknaden til BKK går gjennom hjå NVE, er ei anna sak.

– I første rekkje reknar vi med at kommunane kjem til å klage viss utbyggjar får gjennomslag for luftliner. Ein klage som skal handsamast i departementet, vil truleg utsetje tiltaket eitt år. Det kan godt hende det vil bli aksjonar då, seier Namtvedt.

Om resten av landet vil engasjere seg like sterkt i denne saka som dei gjorde og gjer i kraftsaka i Hardanger, står att å sjå.

– Hardanger er eit landskap av nasjonal interesse. Men det er på mange måtar saka vår også. Denne utbygginga er komen til fordi oljeindustrien treng kraft, og oljeindustrien vedkjem i høgste grad heile landet, seier den tidlegare ordføraren.

 


Kraftline

BKK har søkt om konsesjon til å byggje ei 35 km lang kraftline mellom Kollsnes og Mongstad.

Hovudalternativet omfattar 12 km på land og 23 km i sjø, medan dei aktuelle kommunane krev alt i jord og sjø.

Kraftlina vil få ei straumspenning på 420 kV, den høgste spenninga ein har i Noreg.

Søknaden er til handsaming hjå NVE.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...