Heim Innspel Velferdskommunane

Velferdskommunane

Det er Kommune-Noreg som skapar velferdssamfunnet. Nyheitsbrevet Mandag Morgen har undersøkt kva innbyggjarane meiner om velferdstilboda i kommunane. Undersøkinga syner at folk flest er best nøgde med dei kommunale velferdstenestene i dei minste kommunane. Desse kommunane gjer det best på områda helse, oppvekst og eldreomsorg.

Det er ikkje så lenge sidan forskar Iver B. Neumann terga på seg brorparten av alle nordmenn busette utanfor hovudstaden ved å stå fram som snusfornuftig betrevitar med bastante meiningar om noko han ikkje visste så mykje om. Det gjekk ikkje så bra. Aviser og bloggar hadde mykje fest og moro på sentralmakta og Neumann si rekning i fleire veker etterpå.

Når utdanningsdirektøren, helsedirektøren og barneombodet no har gått ut, i noko som ser ut til å vera ein delvis samordna aksjon, og åtvarar mot dårlege skuletilbod og helse- og barnevernstenester i småkommunane, kunne dette også fort ha blitt oppfatta som synsing frå makteliten i hovudstaden. Når det ikkje har gått slik, har nok dette å gjera med at desse toppbyråkratane uttalar seg om sine eigne fagområde. Sjølv om dei til no ikkje har dokumentert påstandane dei synsar om, reknar me så smått med at så profilerte fagfolk i det minste driv med kvalifisert synsing.

Det er ikkje sikkert dei gjer det. KS-direktør Sigrun Vågeng har bedd om dokumentasjon. Dette er viktig, for dersom embetsfolka faktisk klarar å prova at dei har rett, har Kommune-Noreg ei stor utfordring som må løysast – om nødvendig ved kommunesamanslåingar.

Men så er det spora som skræmer: I Danmark vart talet på kommunar redusert til ein tredel i 2007. I følgje Klassekampen har dette ført til at det er tilsett 1650 nye byråkratar, og at danske kommunar brukar mest ein milliard meir enn før reforma – fram til no. Avisa har intervjua Lars Olsen, som har skrive boka Eliternes triumf. Olsen meiner den danske reforma var eit eliteprosjekt som har skapt større avstand mellom politikarar og styringsverk. Lokalpolitikarar kjenner meir og meir avmakt i møtet med stadig fleire akademikarar og spesialistar, og reforma har såleis svekt det danske lokaldemokratiet.

Dei fleste norske kommunane klarar seg godt i dag. Utfordringane kjem først dersom dei får tilført nye store oppgåver, til dømes gjennom samhandlingsreforma, som lurer bak nova.

Mange har peika på at småkommunane slit med å rekruttera kvalifiserte fagfolk. Dette er nok rett, men problemet gjeld langt fleire enn småkommunar. Så lenge lønnsnivået i kommunane ligg under lønnsnivået i privat sektor, vil dette vera eit gjennomgåande problem. Og så lenge dei store bykommunane får overføringar som sikrar at dei har høve til å vera lønsleiande i høve til mindre kommunar, vil det vera vanskelegare å rekruttera fagfolk i ein liten eller mellomstor kommune enn i hovudstaden.

For alle kommunar handlar kampen om kompetansen om å skapa attraktivitet – vilje til å bu. Dersom statlege verkemiddel vert sette inn, kan denne kappestriden førast på meir likeverdige vilkår. Det fortener velferdskommunane.

Førre artikkelKommunal skrivekunst
Neste artikkelMastemotstand i Radøy

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...