Heim Innspel Kommunal skrivekunst

Kommunal skrivekunst

Det skal heite “gaten”, ikkje “gata”, meiner fleirtalet i Frogner bydelsutval i Oslo. Dei vil ha nye skilt, koste kva det koste vil.

Språk engasjerer i kvar kommune. Det vere seg nynorsk eller bokmål, større eller mindre saker om måten vi skriv på. Ein kan spørje om skrivemåten på gatenamn burde vore gjenstand for den lengste debatten i utvalet på Frogner? Især når språkforskarane har sagt at skilnadene minkar mellom talespråket i Oslo vest og øst. No seier Språkrådet attpåtil at vedtaket ikkje er gyldig, av di forslaget ikkje har vore på høyring. Saka skulle til slutt vore lagd fram for stadnamntenesta i Språkrådet, før vedtak i bydelen. Her har iveren gått over demokratiske omsyn.

For ei stund sidan fekk eg ei anna nyttig påminning om at språk er makt. Eg fekk omgåande positiv tilbakemelding på at eg ikkje hadde skrivefeil i ein søknad om plass til sonen min på same offentlege skule som dottera mi. Det var jo hyggeleg, men eg fekk ingen reaksjon på innhaldet i brevet. Ikkje først. Eg måtte berre vone at rettskrivinga ikkje tok merksemda frå det eg ville! Samstundes lurte eg på korleis ortografien var blant andre som skreiv til skulen, og korleis leiinga reagerte her.

Det er mykje dårleg orddeling og feil frå folk i kjappe tekstmeldingar og e-postar, i nokre søknader òg, men det burde i alle fall vore betre stelt med formidlinga i kommunen. Mest hadde kommunane tent på å føre eit enklare språk. Nokon fryktar det vil gå på presisjonsnivået laus, men det er liten vits i presisjon om ikkje mottakaren forstår samanhengen. Vi vil jo nå fram med det vi skriv.

I Kommunal Rapport har vi auka bruken av nynorsk dei siste par åra. Språkbruken bidreg til nærleik mellom lesaren og stoffet. Viktigare enn om vi skriv gaten eller gata, er likevel at vi skriv eit aktivt språk, som lesarane forstår og let seg engasjere gjennom. Nokon oppnår lettare dette med bruk av nynorsk.

Forfattar Carl Frode Tiller har nett gjeve ut ny roman på nynorsk. Han, som hadde bokmål som hovudmål på skulen. Han trong å skape avstand til det gamle og stivna for å skrive friskt og nytt og leikent, som han nett sa til Magasinet i Dagbladet. Han er eit godt døme å strekkje seg etter.

Da eg jobba i NTB, måtte vi gjennom ein språktest. Det er ikkje så vanleg i norske kommunar. Fokuset på språk bør uansett vere sterkt. Som ein rådmann eg akkurat intervjua, sa, er evna til å kommunisere den viktigaste eigenskapen ein kan ha i ei slik stilling. Det gjev tillit og godt omdøme – eller omvendt.

I Frankrike hyrar toppsjefar skrivelærar utan at nokon får vite det, las eg i Dagens Næringsliv nyleg. Rettskriving kan vere krevjande anten det er fransk eller norsk, men kommunespråket må vere effektivt og godt.

Det ligg uendeleg mykje makt i lange saksutgreiingar. Det fins saksframlegg som knapt nokon forstår. Det er eit kjent problem at administrasjonen utviklar eit ekspertspråk som gjer at folkevalde kan kjenne seg dumme. Det er ikkje alltid like greitt å spørje, sjølv om ein sjølvsagt burde gjere det. Ekspertspråket var ein føresetnad for dei katastrofale investeringane i Terra-saka.

Han fekk skuleplassen, sonen min. Tida får vise kor framtidsretta dei språklege prioriteringane til Frogner-politikarane var.

 

Britt Sofie Hestvik er ansvarleg redaktør i Kommunal Rapport

 

Førre artikkelMå krevje nynorsk
Neste artikkelVelferdskommunane

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...