Heim Innspel Språkrådet: "Lagret lengst – verdt å vente på"

Språkrådet: “Lagret lengst – verdt å vente på”

“Lagret lengst – verdt å vente på” heiter det i ein reklametekst for eit velrenommert bryggeri. Mest som Språkrådet. Kulturstatsråden har nyss oppnemnt eit nytt styre for rådet som i ein periode no har vore utan både direktør og styre.

Den første store oppgåva for styreleiar Ottar Grepstad og resten av styret vil vera å få på plass ein ny administrativ leiar. Sylfest Lomheim har vore ein sterk og profilert leiar gjennom seks og eit halvt år, og det skal godt gjerast å finna hans like. Men det er ikkje sikkert at det er hans like Språkrådet treng denne gongen. Ein god leiar evnar å finna personar med kompetanse og stil som utfyller eigne eigenskapar, og her er det mange ressursar å spela på, både i og utanfor Språkrådet.

Dette hastar. Etter at stortingsmelding nr. 35 (2007–2008), Mål og meining, gav Språkrådet og Kulturdepartementet eit overordna, sektorovergripande ansvar for å forvalta “ein heilskapleg norsk språkpolitikk”, står Språkrådet framfor store oppgåver og eit enormt forventningspress. Rådet har nok ikkje noko sterkt ønske om å stå fram som eit superdirektorat, men det skal mykje godt informasjonsarbeid til for at det ikkje blir slik …

I vinter sender Språkrådet, i samarbeid med Nynorsk kultursentrum og Landssamanslutninga av nynorskkommunar, ut eit spørjeskjema til ein del norske kommunar. Målet er å kartleggja haldningar til språk. For oss som har kommunebriller på, er det gledeleg at Språkrådet no tek på seg eit fagleg ansvar også for dette forvaltningsnivået.

Kven som har ansvar for språket i ein kommune, er ikkje opplagt. Sjølvsagt har rådmannen per definisjon ansvar for alt som skjer, men kva etat har det faglege ansvaret for språk? Er det skulekontor, kulturkontor, rådmannskontor eller kanskje biblioteket? I nokre få kommunar er dette definert i det kommunale planverket eller i delegasjonsregelverket, men desse kommunane hører til unnataka. Her trengst ein innsats, mellom anna frå Språkrådet.

I språkmeldinga står det lista opp godt over 100 meir og mindre konkrete tiltak som skal gjennomførast for å vitalisera norsk språk. Fleire av desse oppgåvene er formidable. Kulturdepartementet har det overordna ansvaret for at oppgåvene blir løyste, men det er Språkrådet som er utøvande organ og skal gjera jobben.

Norsk Språknemnd vart skipa i 1952. Seinare har nemnda, Norsk Språkråd og Språkrådet traska lenge langs dårlege vegar med avgrensa utsikt, for ikkje å seia utsikter. Med nytt styre, ny direktør og nye omfattande og viktige ansvarsområde kjem dei no til eit vegskilje. Rådet har vore lagra lenge, men me trur det har vore verdt å venta på.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...