Heim Innspel Jul i husa hans Mammon

Jul i husa hans Mammon


Eg sette meg til her ein kveld og las gjennom 10-12 brosjyrar som burde inspirera meg til julehandel. Men trælane hans Mammon gjekk på ein skivebom, rett og slett. Sperrene stod i kø då gamle Fretland var ferdig. For det fyrste så renn det inn med bokmålsark i nynorskbygda Lærdal. Ikkje eitt ord på nynorsk fann eg i bunken. Men dei reklamerte no for butikkar i fjerne himmelstrok, som Sogndal og Førde, det forklarer mykje. (Viss du ikkje skjønte det, så var dette ironi. )

Det er gale nok med språkforma, men så er det språket, då. Kor platt og åndlaust må ein skriva når ein skal skapa ein lykkerus av kjøpelyst og pengebruk hjå kundane? Høyr berre:

Plantasjen jublar om Mer jul til folket. Det kan aldri bli for mye jul – Tenk på alle – Det skal bugne – Det er Jul! Ikkje nett inspirerande. Kanskje Elkjøp var betre, men nei: Vi gir nissen en hjelpende hånd. Harde pakker – lave priser, Vi starter julen nå med julegavehus stappfulle av gaver. En fet TV til alle julefilmene. Stopp litt, der var det noko. Skal ikkje alle tv-ar vere syltynne no? Oldis, seier studentane til meg, for fet betyr visst ikkje feit meir.

Jysk satsar mest på pris og er minst like kjedeleg som dei andre: Stort utvalg av julegaver. Kjøp julegaven til januarpris. God jul med gode priser. Julen starter hos Jysk. Men langt nede på ei side dukka det endeleg opp noko interessant. Me kan skaffa oss ein julehotspot. Ja, no kan du lura. Eg slo opp og fann ut at hotspot kan vera anten ein «heteflekk», vulkansk kjerneområde med diameter 100–200 km, eller, for å sitera ordboka direkte: a site that offers Internet access over a wireless local area network through the use of a router. Men det var truleg feil ordbok, for hotspoten synte seg å vera det me før kalla ein sakkosekk, og som Jysk no kallar sekkestol.

Meny ropar Lenge leve juletradisjonene – Gilde julepølse. Ribbe på alle julebord. God julemorgen (om osten dei byr fram). Og så har me alle dei seriøse som med handa på pengepungen melder: Vi tuller ikke med julematen, derfor lager vi pinnekjøttet selv.

Slik radlar det av garde i hytt og gevær, eg får ikkje lyst å handla. Kjære Mammon! Når du instruerer undersåttane dine, kan du ikkje tenkja litt på dette:
At me her omkring blir mykje meir kjøpesugne viss dei skriv til oss på målet vårt. Og: Kunne du hyra ein forfattar til dei, så me vart møtte med spretne juledikt og morosame overskrifter? Viss du ordnar dette til neste år, lovar eg å kjøpa minst to hotspotar!

Jan Olav Fretland

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...