Heim Innspel Staten og språket

Staten og språket

Språkrådet kartlegg for tida språkstoda i dei om lag 125 kommunane som har nynorsk som fleirtalsform. 114 av desse har gjort politiske vedtak om at dei skal vera nynorskkommunar. Eitt av spørsmåla til kommunane er kor mange skriv frå statsorgan som kjem på nynorsk. I nynorskkommunen Fjell kjem meir enn 80 % av tilfanget frå staten på bokmål. Ikkje eitt av skriva frå nokon av departementa var på nynorsk i kontrollperioden. Ut frå Mållova skal alt som kjem frå statsetatar til nynorskkommunar, vera på nynorsk. Kulturdepartementet, som Språkrådet sorterer under, har eit overordna ansvar for at staten følgjer opp mållova. Ironisk nok kom også skriva frå dette departementet på bokmål.

– Resultatet er sjokkerande. Me har no skrive brev til Kulturdepartementet og ber dei sørgja for at alle statsorgan følgjer lova. Undersøkinga stadfestar det inntrykket me lenge har hatt. Staten gjev blaffen i mållova, og verst av alle er departementa, seier rådmann Steinar Nesse i Fjell til Vestnytt.

Rådmannen fortel til avisa at Fjell kommune systematisk tilbyr kurs til dei som treng å friska opp språket sitt, men han er lite imponert over staten sine rutinar på dette området:

– I staten manglar dei vilje til å følgja opp lova med dei tiltaka som trengst, seier Steinar Nesse.

Fjell kommune dokumenterer gjennom denne undersøkinga at departementa ser ut til å mangla respekt for nynorsk og nynorskbrukarar. Annleis kan me vel ikkje tolka dette? Men kvifor er det slik? Skuldast det fordommar, likesæle eller mangel på kunnskap? Saboterer departementstilsette mållova med vilje? Er det noko gale med rekrutteringa til departementa?

For dette er slett ikkje nye problemstillingar. Alt i 1921 kravde Voss, som den første kommunen i landet, nynorsk frå staten. Den første mållova kom i 1930 – etter påtrykk og krav frå nynorskkommunane.

Då LNK vart skipa i 1993, skjedde det indirekte som ei følgje av eit utspel frå ein statsetat, Statskonsult. Kulturdepartementet sende i mars 1990 eit brev til alle departement og statsetatar og bad om at det vart utarbeidd planar for måljamstillingsarbeidet. Bakgrunnen for brevet var ei undersøking frå 1989 som viste at ingen av etatane oppfylte mållova sine krav til nynorskbruk. Har nokon høyrt dette før? I St.meld. 53 (1991–92) om målbruk i offentleg teneste vart det sitert frå tilsvaret frå Statskonsult:

«deler av regelverket i mållova er formelle rariteter», «er det prinsipielt uheldig å ha regler som ikke blir fulgt i praksis»,«Å skrive på nynorsk tar ekstra tid, noe som medfører ekstra utgifter.» Og så vidare i same duren. Elles sindige ordførarar og rådmenn vart rasande og tok straks initiativet til eit nettverk av nynorskkommunar. Nokre år seinare var Statskonsult nedlagt og LNK etablert – men me insisterer ikkje på at det er ein samanheng her.

I målbruksmeldinga frå 2006 heiter det: «Regjeringa ventar no at alle statlege leiarar tek på seg det ansvaret dei har, og gir eit klart og utvitydig signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane heretter skal følgjast til punkt og prikke.»

No har me vel snart venta lenge nok?

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...