Heim Nyhende - Mange foreldre er språkfiendar

– Mange foreldre er språkfiendar

 

Det sa leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, i leiartalen til årsmøtet fredag.

– Vaksne trur gjerne at ungar lærer like treigt som dei sjølve. Og så fôrar dei ungane med negative språkhaldningar, haldt Øvregård fram i talen sin.

Han kalte desse negative språkhaldningane for dumskap.

– Foreldra i Noreg som held ungane sine borte frå nynorsk tek språkgleda frå dei, meinte han vidare.

Øvregård peika vidare på at Noreg er fullt av slike språklege mistak, både i skule, offentleg forvaltning, høgare utdanning og arbeidsliv.

– Men det er viktig at vi ikkje forvekslar dette med vond vilje. For det er ikkje planlagd dumskap, sa han.

Diskusjonen om sidemål kalla han eit drap på gleda i å lære språk.

– Ei sjølvoppfyllande førestilling om elevane si manglande interesse for sidemål, som i dette ordskiftet konsekvent betyr nynorsk, reduserer elevane sin evne og vilje til å lære både nynorsk og bokmål i skulen, slo mållagsleiaren fast.

Han er ikkje samd med dei som seier at vi må endre norskfaget fordi vi ikkje har noko val og fordi det ikkje er muleg å innfri krava til å meistre både nynorsk og bokmål.

– Eg seier at dette er feil og fordummande. Vi veit at alle kan lære begge skriftspråka så lenge ein bryr seg om å leggje til rette for det, sa han i leiartalen.

– Det er eit enkelt val: Skal elevane lære meir, eller skal dei lære mindre, la han til.

Språkglede var stikkordet i leiartalen.

– Vi arbeider for språkglede. Lat han fløyme over landet, slutta Håvard B. Øvregård til stor applaus frå dei rundt 160 som var til stades på landsmøtet på Sand i Suldal kommune.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...