Forfattar Ingelin Røssland frå Tysnes i Hordaland blir festivaldiktar under årets Falturiltu-festival på Stord.
Falturiltufestivalen, den einaste festivalen for nynorsk barne- og ungdomslitteratur, finn stad andre veka i november og har i år vald å ha “tøff i trynet” som tema.
– Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen har gjerne hatt eit ord for seg for å vera velskriven, morosam, gjerne ironisk, poetisk og på eit høgt litterært nivå. Ingelin Røssland sine bøker har alt dette, men dei er i tillegg spennande, tøffe, provoserande og ikkje minst inne i si eiga tid. Røssland skrive om unge jenter med både mot og styrke, som t.d. Engel Winge som både har eit englefjes og er tøff i trynet, seier festivalen i Falturiltu-bloggen.