Kunstnarfamilien Bremnes pregar årets festspelprogram. (Foto: Evy Andersen)
Kjærleik er Noregs finaste ord og tema ved Dei nynorske festspela i juni.
Veggavis med kjærleiksdikt, danseframsyning om kjærleiksdikt av Ivar Aasen, utstilling av brurefoto, blogg om ung kjærleik, opningskonsert med søskena Bremnes. Det er noko av det Dei nynorske festspela 2011 byd på i meir enn 50 arrangement på fire dagar med den allsidige forfattaren Bjørn Sortland som festspeldiktar.
– Kjærleik er festspeltemaet i år. Dette er eitt av dei eldste og største tema i litteratur og musikk. Vi tek også opp kjærleiken i språket og til språket. For nokre år sidan kåra VG-lesarane ”kjærleik” til det vakraste ordet på norsk. Alt dette gir eit godt grunnlag for eit mangfaldig festspelprogram, seier programansvarleg Åshild Widerøe.
Dei nynorske festspela er ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen og blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. juni til søndag 26. juni, i år for 20. gong. Programmet inneheld meir enn 50 arrangement, og motivet på festspelplakaten er eit raudt hjarte spidda av Ivar Aasens penn.
Familien Bremnes
Kunstnarfamilien Bremnes pregar festspelprogrammet opningsdagen. 11 år etter fellesplata ”Soløye” er Kari, Ola og Lars Bremnes saman på nokre få scener. I Sør-Noreg gjestar dei berre Dei nynorske festspela, der dei står for opningskonserten. På repertoaret står mellom anna songar skrivne av faren, forfattaren og skulemannen Ole H. Bremnes. Før konserten leier Sigrid Moldestad ein samtale med den vitale 80-åringen frå Svolvær.
Moldestad står sjølv for ein stor utekonsert seinare under Festspela. Også Gunnhild Sundli held ein av sine få konsertar i sommar på utescena i Ivar Aasen-tunet. Det er slik det skal vere, seier Åshild Widerøe: – Mange konsertar, foredrag og samtalar kan gjestene berre oppleve på Dei nynorske festspela. Festspeldagane møter også den nye direktøren i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, for første gong eit allment publikum.
I tillegg til Bremnes-søskena er to andre søskenpar med i festspelprogrammet. Forfattarsøstrene Guri og Sigrid Sørumgard Botheim tek for seg søskenkjærleik, og brørne Arne og Sjur Hjeltnes viser den humoristiske sida av kjærleiken.
For første gong satsar Dei nynorske festspela på danseframsyningar. Solveig Styve Holte tek heile Ivar Aasen-tunet i bruk i urframføringa ”Forteljingar” med originaltekstar av Maria Parr, Hilde Myklebust og Fanny Holmin til ny musikk av Magnar Åm. Både tidlegare og noverande elevar er med når Ørsta og Volda ballettskule inviterer til to dansestykke, der det eine er inspirert av kjærleiksdikt av Ivar Aasen.
Brurebilete, dikt og blogg
Publikum blir inviterte til å prege fleire utstillingar på Dei nynorske festspela.
Dei kan sende inn gamle og nye foto av brurepar til ei utstilling av slike foto som blir vist i Aasen-tunet heile sommaren. Dei får også kome med dei beste kjærleiksdikta dei veit om på nynorsk eller dialekt. Desse dikta blir slått opp på ei stor veggavis i Aasen-tunet, og festspelgjestene er med og kårar dei beste dikta. På bloggen Hjarteklapp kan publikum skrive om ung forelsking og kjærleik. Stoff frå denne bloggen blir brukt i den nye temautstillinga ”Hjarteklapp” om kjærleik i ungdomslitteraturen. Sentralt i programmet står også Bodil Cappelen. Ho les dikt av Olav H. Hauge og utdrag frå den brevvekslinga mellom Olav H. Hauge og henne som blei til mange års kjærleik.
Språkforskaren Rolf Theil tek publikum med inn i kjærleiken på eit utval av all verdas språk. I sitt årlege foredrag om Ivar Aasen skildrar Ottar Grepstad menneska i Ivar Aasens liv. Han viser både fram det store nettverket Ivar Aasen hadde og avslører noko frå kjærleikslivet hans som dei færraste har visst om.
To viktige prisvinnarar blir heidra. NRK Nynorsk mediesenter deler ut Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, og Nynorsk kultursentrum deler ut prisen Årets nynorskbrukar 2011 til bloggaren Linda Sæbø.
15 skjønnlitterære forfattarar
Som ein av svært få festivalar kombinerer Dei nynorske festspela litteratur, musikk og biletkunst. Til no er 15 skjønnlitterære forfattarar på plass i festspelprogrammet. Blant dei er både debutantar og prislønte forfattarar som Ragnar Hovland og Lars Mæhle, Olaug Nilssen og Jan Roar Leikvoll. – Festspelgjestene blir dei første som får høyre fleire forfattarar lese frå bøker som enno ikkje har kome ut, seier Åshild Widerøe.
Festspeldiktaren Bjørn Sortland er med på eit dusin arrangement og held det prestisjefylte Ivar Aasen-minneforedraget. Der spør han om folk verkeleg les ny norsk barne- og ungdomsbøker. Også ei rekkje andre arrangement er prega av kunst av, om og med born og unge. To tenåringar er jamvel programleiarar under opningshøgtida. Der framfører unge skrivarar tekstar frå eit skrivekurs same dagen i regi av festspeldiktaren Bjørn Sortland.
———————————————————————————————————————————————
DEI NYNORSKE FESTSPELA
Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni
Kvart år gjestar om lag 6000 menneske festivalen, som vert arrangert for 20.gong
Tema er “Kjærleik”, og festspeldiktar er Bjørn Sortland
Budsjettet for 2011 er på 1,8 millionar kroner